Hopp til innhold

Får kraftrabatt for ikkje å flytte ut – ny ordning kan spare bedrifta for 700 millionar i året

HØYANGER (NRK): EU sine nye CO₂-reglar kan spare norsk industri for milliardar av kroner årleg. No legg kraftordførarar press på regjeringa.

Arne-Martin Kjærland er Hydro sin nye fabrikksjef i Høyanger.

GOD SERVE: – Vi har fått ein god serve frå EU, nå blir det opp til regjeringa å ta dette vidare og vise at de vil ha ein liv laga prosessindustri, seier Arne Martin Kjærland.

Foto: Hydro/Marius Motrøen / Hydro/Marius Motrøen

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er dyrt å vere klimavenleg. Derfor har Noreg og EU ei ordning for at kraftkrevjande industri ikkje skal flytte produksjonen ut til land med slappare klimapolitikk, der det er billegare å forureine.

Løysinga er å gi ein form for kraftrabatt.

Det betyr at selskap som produserer til dømes aluminium og gjødsel får pengar for å bli i Noreg.

Denne ordninga skulle gå ut ved nyttår. Men i går annonserte Europakommisjonen nye reglar for den såkalla CO₂-kompensasjonsordninga.

Margrethe Vestager

– For å takle klimaendringane på berekraftig vis og nå måla i vår grøne giv, må vi sette ein prislapp på utslepp, samtidig som vi unngår karbonlekkasje, sa visepresident Margrethe Vestager da ho presenterte endringane.

Foto: Europakommisjonen

– For å nå måla i vår grøne giv må vi sette ein prislapp på utslepp, samtidig som vi unngår karbonlekkasje, sa EU-visepresident Margrethe Vestager da ho presenterte endringane.

No reknar industrien med at Noreg implementerer også denne ordninga, som den førre.

– Vi har fått ein god serve frå EU, nå blir det opp til regjeringa å ta dette vidare og vise at dei vil ha ein liv laga prosessindustri. Den sjansen forventar eg at regjeringa nyttar seg av, seier Arne Martin Kjærland, som er fabrikksjef ved Hydros aluminiumsverk i Høyanger.

Noreg kan følge etter

Då EU innførte klimakvotar i 2005, blei det dyrare med straum i Noreg, og kompensasjonsordninga har vore omtala som eksistensielt nødvendig for den kraftkrevjande prosessindustrien.

Forslaget til nye retningslinjer for CO₂-kompensasjon, som vart lagt fram i januar, og som var mindre sjenerøse enn dei utgåande, vart difor motteken med uro.

– Noreg er ein stormakt i europeisk samanheng når det kjem til kraftintensiv industri. Det er viktig at regelverket er tilpassa norsk industri på ein god måte, sa Torbjørn Røe Isaksen, som den gong var næringsminister.

700 millionar

Dei nye signala frå EU vert difor tolka som ein siger, sjølv om «kompensasjonsraten» skal ned frå 85 prosent til 75 prosent.

– Vi ser at dei har lytta til innspela frå norsk industri, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

Han seier at kompensasjonen betyr om lag 700 millionar kroner i året for Hydro sine anlegg i Noreg, dersom Noreg innfører det.

Halvor Molland

– Vi ser at dei har lytta til innspel norsk industri har gitt, seier informasjonsdirektør i Hydro, Halvor Molland.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Det ville vore eit enormt skjær i sjøen om ikkje ordninga blei vidareført, seiar forbundsleiar Frode Alfheim i Industri Energi.

Han legg til:

– Det er ekstra gledeleg at produksjon av nikkel kjem inn i ordninga, det har vi jobba lenge for.

Kraftordførarar legg press på regjeringa

Hans Inge Myrvold (Sp) er ordførar i Kvinnherad, der Hydro Husnes held til.

– Det er framleis mange usikre variablar. Her kviler det eit stort ansvar på regjeringa, og me vil fylgje situasjonen tett. For vår del handlar det om å trygge arbeidsplassar, seier han.

I industristaden Årdal, inst i Sognefjorden, er Hilmar Høl (Ap) ordførar.

– Eg tenker at dette er ein gladnyhende for alle som driver med kraftkrevjande industri, seier han.

Hans Inge Myrvold, varaordførar (Sp) i Kvinnherad

– Det er framleis mange usikre variablar. Her kviler det eit stort ansvar på regjeringa, seier Hans Inge Myrvold (Sp), ordførar i Kvinnherad.

Foto: Kvinnherad kommune

Som ordførar-kollegen i Kvinnherad minner han om at ordninga enno ikkje er implementert.

– Om regjeringa ikkje følgjer opp, reknar eg med at alle aktørar innanfor kraftforedlande industri med respekt for seg sjølv tvil legge det inn for ESA, og da blir det ein litt verre sak med ein gong, seier han.

ESA er overvakingsorganet til EFTA, og kontrollerer at EFTA-landa gjennomfører og følger reglene i EØS-avtalen.

Næringsminister Iselin Nybø frå Venstre har førebels ikkje hatt høve til å kommentere saka.

Hilmar Høl og Andreas Bakken

– Eg tenker at dette er ein gladnyhende for alle som driver med kraftkrevjande industri, seier Hilmar Høl, ordførar i industristaden Årdal. .

Foto: Fredrik Helland / NRK