Hopp til innhold

Får kjeft av sine eigne

Partifeller meiner Mowatt svekkar Arbeiderpartiet sitt truverde i Helse Førde-styret.

Harry Mowatt
Foto: NRK

Les og: Vil sentralisere ortopedien

- Dette er eit ømtålig tema, så det gjeld oss alle, seier varaordførar i Luster, Anders Bolstad.

Trass i at Sogn og Fjordane Arbeidarparti i vår vedtok at det skal vere skuttberedskap innan ortopedi ved lokalsjukehusa, har ein av partiet sine fremste politikarar Harry Mowatt bede leiinga i Helse Førde om å utgreie ei nedlegging.

Det betyr at alle som bryt eit bein i Nordfjord eller i Indre Sogn må til Førde for å få hjelp. Bolstad meiner Mowatt no er på ville vegar og at han øydelegg for partiet.

- Dette er alvorleg, seier han.

Støtte frå Nordfjord

Og han får støtte frå partifellar i Nordfjord og Sogn, Vågsøy - ordførar Roger B. Silden seier at Nordfjordingane ikkje kan finne seg i at ideane til Mowatt vert gjennomførte. Legg ein ned akuttberedskapen så vil det også gå ut over annan beredskap på lokalsjukehusa fryktar han.

- Dette med akuttberedkap og fødeavdeling er så viktig for oss i distrikta at dei må lære at dei kan ikkje terpe på dette kvar einaste månad. Vi må få ro for å diskutere økonomien i Helse Førde, seier han.

- Spesiell sak for han Harry

Roger B. Silden.

- Dette må vere spesielt for han Harry, meiner Vågsøy-ordføraren.

Foto: NRK

Han meiner det vert spesielt at det nettopp er ringreven Harry Mowatt med lang bakgrunn frå fylkespolitikken som fremjar forslaget.

- Det må jo vere ei spesiell sak for han Harry. Han er trass alt med i fylkespolitikken. Det er greitt med fleire hattar, men det får no vere måte på.

Også ordføraren i Årdal Arild Ingar Lægreid frå Arbeidarpartiet går kraftig mot Mowatt.

- Lærdal sjukehus er det næraste for oss i Årdal og der må me ha ein akuttberedskap.

- Er du samd med dei som meiner Mowatt øydelegg partiet sitt truverde?

- Eg er ikkje villig til å gå så langt enno, men eg er heilt klar på at me må ha akuttberedskap på lokalsjukehusa, seier Lægreid.

- Skuffande

Også partifelle Arne Sanden som er ordførar i Lærdal er provosert.

- Med tanke på at Arbeidarpartiet nett har gått gjennom ein lang prosess med tanke på sjukehuspolitikken i fylket så er det skuffande at ein av dei sentrale politikarane våre tek eit slikt initiativ, seier Sanden.

Men Harry Mowatt avviser kritikken og presiserer at han berre har bedt om ei utgreiing for å få vite fakta.

Mowatt seier at han ikkje er Arbeidarpartimann frå Hyllestad i det heile teke når han stiller i Helse Førde styret.

- Her må ein skilje roller. Eg er ikkje valt av Arbeidarpartiet for å sitje i styret så ut frå det tykkjer eg kritikken fell litt i hop av seg sjølv, seier Mowatt.

- Har ingenting med parti å gjere

Mowatt erstatta Arbeidarparti-kjempa Kjell Opseth i styret, og mange meiner han er i styret fordi han har partiboka i orden. Mowatt er ikkje enig.

- Det trur eg ikkje har noko med partiboka å gjere i det heile. Det som har vore utslagsgjevande er at eg har ein del erfaring frå styrearbeid. Eg er ikkje utpeikt der som arbeidarpartimann spesielt, seier Mowatt.

Men Sanden meiner dette ikkje står til truande.

- Sjølv om han sit som styremedlem melder han seg ikkje ut av partiet av den grunn, forhåpentlegvis.

- Tykkjer du dette er øydeleggjande for truverdet til Arbeidarpartiet?

- Det gjer det i alle fall ikkje betre, seier Sanden.