Hopp til innhold

Får ikkje spele finale på Ullevaal

Generalsekretær Kjetil Siem i NNF torer ikkje satse på at grasmatta på Ullevaal toler to kampar på rad. Dermed må damene sin cupfinale spelast på Åråsen i staden. Røa-spelar Elise Thorsnes forstår ikkje argumentasjonen og synst det heile er kjipt.

Krangel om fotballarena, når damenes cupfinale flyttes til Åråsen for å spare gresset på Ullevål Stadion til herrenes finale.

KRANGEL OM CUPFINALE-ARENA: Generalsekretær Kjetil Siem i NFF og Røa-leiar Harald Nickelsen er heilt usamde når det kjem til kva grasmatta på Ullevaal tåler eller ikkje.

– Det jo sjølvsagt kjipt for oss å ikkje få lov til å spele ein eventuell finale på nasjonalarenaen, seier Røa-spissen til NRK.no.

Leikanger-jenta er ein skikkeleg måltjuv for Røa, som 10. oktober spelar semifinale mot Arna-Bjørnar. Vinn dei den er det duka for cupfinale 24. november. Men det blir ikkje på Ullevaal.

Kjetil Siem i Norges Fotballforbund meiner at ein må vere sikra at graset er i god stand til herrane sin cupfinale, dagen etter.

– Ullevaal stadion er umogleg så lenge kvinnefinalen spelast dagen før herrefinalen. Ein kan ikkje ta sjansen på det med tanke på gras, vêr og slike ting, seier han til NRK.no.

Trur fleire hadde kome til Ullevaal

I perioden 1995 til 2005 var kvinnene sin finale spelt på Ullevaal, men etter at bana vart gjørmete og fæl etter kampen i 2005 vart kvinnefinalen flytta til ei anna bane. Omsynet til baneforholda er einaste grunnen til at kvinnefinalen i fotball-NM ikkje kan gå på Ullevaal seier Siem til NRK.no.

– Vi kan ikkje ha ein situasjon der vi driv med ein slags kannibalisme og risikerer at den eine finalen øydelegg for den andre, seier generalsekretæren.

Elise Thorsnes og Røa spelte også i fjor cupfinale for kvinner. Den gong var det mot Stabæk på Telenor Arena. At laget heller ikkje i år får spele ein eventuell finale på Ullevaal er uheldig for kvinnefotballen meiner Thorsnes. Årets cupfinale for kvinner blir spelt på Åråsen stadion i Lillestrøm.

– Det er jo stas å få spele på nasjonalarenaen. Men det er også midt i Oslo, det er lett for folk å kome seg dit, og eg trur vi hadde fått ein del meir publikum om vi hadde fått lov å spele på Ullevaal, seier Thorsnes til NRK.no.

-Åråsen kontra Ullevaal? Det seier seg sjølv at det ikkje er optimalt.

(Artikkelen held fram under biletet)

Elise Thorsnes

KJIPT: Elise Thorsnes kan også i år få spele cupfinale, men det blir ikkje på Ullevaal. Sjølv synst ho det er veldig kjedeleg.

Foto: PATRIK STOLLARZ / Afp

Meiner bana er god nok

Også leiar i Røa, Harald Nickelsen, er sterkt ueinig i argumentasjonen frå Kjetil Siem.

– No er Ullevaal i ein så fin tilstand og det er dyktige banearbeidarar der. Så dei hadde klart å setje bana i god stand til herrane sin finale. Det er ein heilt anna slitasje etter ein damekamp enn ein herrekamp, seier Røa-leiaren til NRK.no.

Slik det er lagt opp spelar damene sin finale laurdag 24. november og herrane søndag 25 november. Kvinnelaga har føreslått å bytte kampdag, men dette har forbundsstyret ikkje gått inn for. Thorsnes synst det er leitt.

– Viss han (Kjetil Siem, journ. anm.) er så redd for bana så kan han sette herrane sin finale til laurdagen, så vi kan spele på søndagen. Eg trur ei slik matte kan tåle to kampar.

– Nei, dette er berre kjipt, seier Thorsnes.

Trur det er verdt å ta debatten

Stabæk-spelar Trine Rønning håpar også å få spele cupfinale i haust. Ho er skuffa over avgjerda og føler at kvinnefotballen blir tilsidesett.

– Eg forstår at det er meir pengar i herrefotball, men ein sit att med ei kjensle av å bli tilsidesett, seier Rønning til NRK.no.

Ho er glad det no blir ein debatt om saka. Også Elise Thorsnes trur det kan vere verdt å ta debatten, sjølv om diskusjonen er opp og avgjort for i år.

– Vi som kvinnelege fotballspelarar kjem nok aldri til å føle oss like mykje verdt, men det hadde vore kjekt å nærme seg litt. Vi er blitt vande med at det er slik, kanskje vi aksepterer det for lett.