Hopp til innhold

Får ikkje ekstra fiskekvotar

Fiskarane i Sogn og Fjordane slit ikkje nok til å få tildelt distriktskvotar.

Regjeringa vil gi distriktskvotar berre til dei tre nordlegaste fylka. Desse ekstra kvotane må fiskast utanfor kysten i Nord-Noreg.

Dei ekstra kvotane har som føremål å skape aktivitet, sysselsetting og verdiskaping.

- Urettferdig

Nestleiar i Sogn og Fjordane fiskarlag, Geir Magne Røys, seier at alle fylke langs kysten slit med dei same problema og at ordninga difor blir urettferdig.

- Vi er i utgangspunktet i mot heile ordninga fordi den favoriserer fiskarar ein enkelt stad i landet, seier Røys.

Distriktskvoter er førebels ei prøveordning og er no ute på høyring.