Hopp til innhold

Drukningsulykka i Kvinnherad: Faren hoppa i elva to gonger for å prøve å redde sonen

Både far, ein annan sivil og to redningspersonell blei sjølve tatt av elva i forsøk på å redde den 13 år gamle guten.

Elven i Kvinnherad

MYKJE VATN: Det var i denne elva den 13 år gamle guten fall uti og omkom. Det var høg vassføring i elva.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Faren til barnet hoppa uti og blei sjølv tatt av vassmassen og ført vidare nedover, seier Sigurd Børve som er politistasjonssjef i Kvinnherad.

Faren til den ungarske guten (13) som omkom etter å ha falle i ei elv i Bondhusdalen i Kvinnherad i Vestland tysdag, blei avhøyrt same dag.

Familien på to vaksne og eitt barn var på ferie i Noreg og hadde gått tur i området.

Barnet var ute på ein stein eller bergkant langs elva for å ta eit bilete. Då mista han balansen, sklei, og fór ut i Bondhuselva.

– Vedkomande blei tatt av vassmassane, ført eit kort stykke nedover og deretter blei sittande fast i steinar i elveløpet, seier Børve.

Guten blei seinare erklært død på Haukeland universitets­sjukehus.

Redningsaksjon i Kvinnherad ved elv

Guten og foreldra blei frakta i helikopter til Haukeland universitetssjukehus.

Foto: Jarle Håvik / Grenda

Fleire prøvde å redde

Ein forbipasserande gjorde også forsøk på å redde barnet, utan hell.

Deretter gjorde faren også eit nytt forsøk.

– Dette var det einaste barnet dei hadde, seier Børve.

Etter ei tid kom første einingar frå brann og redning og politipatruljen i Odda til staden.

– Dei gjorde forsøk ute i elva, men to i innsatspersonellet blei sjølv tatt av vassmassane, seier Børve.

Personell frå Nasjonal redningsgruppe og redningsdykkarar, sendt dit av Hovudredningssentralen, kom så til staden. Då fekk dei barnet på land.

Grunna dei svært krevjande forholda, tok det over to timar før guten blei henta opp.

– Sjølv om det blei sett i gang livreddande førstehjelp, og barnet blei brakt til Haukeland, så måtte ein slå fast at døden var treft inn, seier Børve.

Bergens Tidende har også omtalt den dramatiske redningsaksjonen.

Drukningsulykke i Kvinnherad

Det var høg vassføring og sterk straum i elva då ulykka skjedde.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Er takksame

Børve fortel at foreldra er takksame for innsatsen for å prøve å redde sonen deira.

– Dei har ønska å få vite korleis apparatet fungerer her i Noreg, og dei viser stor takksemd og er imponert over kva som blei sett i verk, seier Børve.

– Trass i den djupe tragedien dei står midt oppi, ønsker dei å gi stor honnør og takk til både sivile og redningspersonell, seier han.

Politiet har oppretta ei undersøkingssak. Dei samlar informasjon gjennom forklaringar og bilete.

Dei vil også gjennomføre ein obduksjon for å slå fast heilt sikkert kva som var dødsårsaka.

Det var i Bondhuselva guten fall uti.

Bondhuselva i Kvinnherad

Ungarsk gutt (13) omkom i Bondhuselva – skled i elven da han skulle ta bilde