Hopp til innhold

Får flytte heim igjen etter storbrannen

To av dei sju personane som vart huslause under storbrannen i Bergen førre veke, får flytta heim igjen. Brannskadane i nokre av husa er mindre enn først frykta.

Brannruinene i Kong Oscars gate i Bergen

STORE SKADAR: Sju personar vart huslause, men no får to av dei flytte heim igjen. - Skadane mindre enn først fryka, seier leiar for kommunens kriseteam.

Foto: Breistein, Emil / NTB scanpix

Det har gått seks dagar sidan flammane herja i Kong Oscars gate i Bergen. I storbrannen vart sju personar huslause, som sidan torsdag har fått tilbod om oppfølging av Bergen kommune sitt psykososiale kriseteam.

– Eg snakka med alle på telefon i går. Dei har det etter forholda bra, fortel leiar Jørn Ivar Rande til NRK.

Dei evakuerte har ordna seg med mellombels husvære, anten heime hjå familie eller via forsikringsselskap og Nav.

Brann i Bergen sentrum

BRANN: Nær 50 personar vart evakuert då det tok til å brenne i eit av brannsmitteområda i Bergen natt til torsdag. Sju personar vart huslause, no får to flytte tilbake.

Foto: Isolde Rongevær de Jonge

Får flytte heim igjen

Rande fortel at to personar no har fått beskjed om at dei kan få flytta tilbake igjen til heimane sine.

– Alle er i fortløpande dialog med politi og brannkorps. Det kan sjå ut som at fleire vil få tilbod om tilbakeflytting etter kvart, for forholda i heimane deira skal vera betre enn først frykta, fortel Rande.

Om alle vil tilbake er likevel usikkert. Rande og dei andre i kriseteamet er tett på.

– På ringerunden i går spurde vi korleis dei har det og om dei har behov for vidare oppfølging.

Brannårsak framleis ukjent

Etter å ha tatt ein pause i helga, er politiet i full gang med å undersøka kva som gjorde at brannen starta natt til torsdag.

To krimteknikarar har sidan i går etterforska åstaden. Det er venta at dette arbeidet vil halda fram til og med onsdag, men det kan også ta lenger tid.

– Det er trongt, og det er fare for nedfall frå hus som har brent. Dette kan derfor ta tid, sa leiar Knut Ellertsen ved brann- og tjuveriavsnittet ved Bergen sentrum politistasjon til NTB måndag ettermiddag.