Her er tiltaket som får fleire tilbake i jobb

«Suksessprosjekt» får fleire tilbake i arbeid. Arbeidsministeren er fornøgd, men vil ikkje lova større løyvingar.

Arbeidsminister Anniken Huitfeldt

GLAD FOR RESULTATA: Arbeidsminister Anniken Huitfeldt er glad for at prosjektet har gitt gode resultat.

Kom seg tilbake i jobb

TILBAKE I ARBEID: Anne Grete er tilbake i jobben som mellomleiar i Bergen kommune.

Foto: Marita Skeie / NRK

– No ser eg føre meg at eg skal halda fram i arbeid til eg er pensjonist, seier Anne Grethe som jobbar som mellomleiar i helsevesenet i Bergen kommune.

Det har ikkje alltid vore ei sjølvfølgje. I september 2011 vart kvinna, som ikkje ønskjer å stå fram med fullt namn, sjukmeld.

– Det starta med ryggsmerter, og eg vart 50 prosent sjukemeldt. Etter kvart vart det klart at eg var det ein kallar utbrend, seier bergenskvinna som frykta at ho ikkje skulle komma seg tilbake til arbeidslivet.

Januar året etter tok ho kontakt med «Senter for jobbmeistring» i Bergen.

LES ÒG: Papirarbeid stel fokus frå sjuke tilsette

Får fleire tilbake i jobb

– Der hadde eg samtalar med både jobbkonsulent og terapeut. Eg fekk hjelp til å gå igjennom situasjonen min, verta meir bevisst på tankane mine.

Anniken Huitfeldt

VIL VIDAREFØRA: Arbeidsminister Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

No viser ein evalueringsrapport laga av Uni Helse i samarbeid med Rokkansenteret at tilbodet Anne Grete fekk ved Senter for Jobbmeistring faktisk får fleire tilbake til arbeid.

Rapporten viser at tilbodet, som vert gitt til personar med moderate psykiske lidingar, særleg har effekt på dei som har vore lenge ute av arbeidslivet når dei har fått oppfølging ved senteret i eit år.

Angst og depresjonslidingar er ein av dei viktigaste årsakene til langtidssjukemeldingar.

Størst effekt for langtidssjukemelde

Av dei som fekk hjelp ved «Senter for jobbmeistring» var 44 prosent heilt eller delvis i jobb etter 12 månader. Det tilsvarande talet for ei kontrollgruppe var 37 prosent. Tendensen var den same etter 16 månader. Kontrollgruppa fekk ordinær oppfølging av NAV og fastlege.

Etter 16 månader var det 28 prosent større sjanse for at deltakarane var tilbake i jobb.

Det er få tiltak for å få folk tilbake i jobb som kan skilta med slike signifikante effektar.

LES ÒG: NAV brukar 69 tilsette på å bøtelegga sjefar

Lovar vidareføring

– Dette kan faktisk hindra at folk vert uføre, seier Arbeidsminister Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet.

Ho bad sjølv om å få rapporten på bordet, og er glad for at det viser seg at tilbodet har effekt.

– Blant dei som er langtidssjukemelde grunna psykiske lidingar er det faktisk dobbelt så mange som kjem tilbake på jobb om dei har vore gjennom programmet, seier statsråden.

Ho lovar no at prosjektet, som til no har vore eit forsøksprosjekt i sju fylke, skal vidareførast. Men meir pengar til tiltaket vil ho ikkje lova.

– Statsbudsjettet vil visa om det er rom for meir pengar, seier Huitfeldt.