Hopp til innhold

Får byggje vindmøller

Departementet har gjeve Vestavind Kraft AS konsesjon til å teste ut vindmøller ved Stadt og Vågsøy.

Illustrasjon av vindmøller til havs

FÅR KONSESJON: Vestavind Kraft AS får konsesjon til å byggje vindmøller i Stadt og Vågsøy.

Foto: Nyhetsspiller

Olje- og energidepartementet har i dag gitt Vestavind Kraft AS konsesjon til eit testområde for flytande vindturbinar, vinmøller, på inntil 10MW i Stadt og Vågsøy.

- Går ikkje ut over fuglelivet

Dermed vert det lagt til rette for testing og utvikling av teknologi for flytande vindturbinar på tre ulike stader med varierande marine forhold.

Etter at NVE ga konsesjon til testområdet, ble vedtaket påklaget av Norsk Ornitologisk Forening, som mente turbinene ville utgjøre en fare for fuglelivet.

Dette meiner departementet ikkje er gode nok argument for å ikkje drive uttesting.

Konsesjon i fem år

- Etter ei grundig vurdering har departementet kome fram til at konsekvensane for fugl ikkje er av eit slikt omfang at det er til hinder for oppføring av vindturbinar på desse plassane, skriv dei i ei pressemelding.

Konsesjonen varer i fem år.

- Vindkraftanlegg til havs vil på sikt kunne gje gode bidrag til regjeringa si satsing på fornybar energi, seier olje- og energiminister Terje Riis-Johansen.