Hopp til innhold

Kripos kopla inn: Skal ha funne gut (7) skadd og bunden fast i seng

Ein mann i 30-åra er sikta for grov mishandling av sin sju år gamle son. No får bergenspolitiet bistand av Kripos.

Politiadvokat Sven Arne Dahl-Michelsen

ALVORLEG SAK: Politiadvokat Sven Arne Dahl Michelsen og bergenspolitiet etterforskar ei alvorleg barnemishandlingssak.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Det var søndag at politiet gjekk til aksjon mot ein leilegheit i Bergen, etter ei uromelding frå barnevernet.

Fredag er også Kripos kopla inn i saka som av fleire blir omtalt som svært alvorleg.

– Vi får teknisk og taktisk bistand frå Kripos. Dei har kompetanse på nokre område som vi tenker det er aktuelt å få bistand til i denne saka, seier politiadvokat Sven Arne Dahl Michelsen til NRK.

– Funnen fastbunden i seng

Ein mann i 30-åra vart arrestert av politiet i ein aksjon sist søndag. Tysdag vart han i Hordaland tingrett varetektsfengsla i fire veker.

Mannen er sikta for grov barnemishandling mot sin sju år gamle son. Den øvre strafferamma for den aktuelle paragrafen, § 283, er på 15 år.

Han har førebels ikkje latt seg avhøyra av politiet.

Bergensavisen skriv at guten vart funnen skadd og fastbunden til ei seng i leilegheita til faren.

Dahl Michelsen vil ikkje kommentere desse opplysningane til NRK.

Blir tatt vare på av helsevesenet

May Britt Løvik er bistandsadvokat for guten.

– Dette er ei svært alvorleg og vond sak. Barnet er no under barnevernets omsorg. Meir kan eg ikkje seie, fordi alle dokumenta i saka er klausulert, seier Løvik til NRK.

– Han blir tatt vare på av helsevesenet og er ikkje livstrugande skadd. Etter forholda går det greitt med guten, men vi har ikkje fått avhøyrt han enno. Av helsemessige årsaker, seier politiadvokat Dahl Michelsen.

Tidlegare politimeld

Bergens Tidende skriv at den sikta mannen tidlegare er politimeld for vald i nære relasjonar.

NRK får opplyst at mannen kom til Noreg frå utlandet for fem år sidan. Sonen kom hit for kort tid sidan, ifølge BT.