Hopp til innhold

– Det blei hallelujastemning då vi fekk beskjeden

Hordaland fylkeskommune har fordelt 14,5 millionar kroner til breibandsprosjekt i fylket. No får 14 kommunar i Hordaland bygd ut breiband med høg kvalitet.

Ruth Eriksen

RUTH ERIKSEN: Ordførar i Sveio kommune er nøgd med tilskot frå Hordaland fylkeskommune til utbygging av breiband i Hordaland.

Foto: Privat

– Det vart mildt sagt hallelujastemning når vi fekk denne beskjeden, seier ordførar i Sveio kommune, Ruth Eriksen.

Det er gjennom tilskotsordninga «Breiband i Hordaland» at Hordaland fylkeskommune har fordelt nesten 15 millionar kroner. Pengane blir fordelt på 13 ulike breibandsprosjekt i fylket, desse vil no få fiberbasert breiband med høg kvalitet.

14 kommunar får betre breiband

Eriksen seier at utbygging av breiband har vore eit det har vore eit stort sakn i Sveio kommune.

– Det at me no skal få dekning i så godt som heile kommunen er jo fantastisk. Nokon få område er litt vanskelegare enn andre å få på plass, men stort sett heile kommunen får bra breiband no, seier ordføraren.

Fylkesutvalet vedtok i mas i år at fiberprosjektet skal vera den prioriterte satsinga og tilskotsmidlane blir brukt til å auka kapasiteten på nettet.

– Vi har prioritert område som elles ikkje ville verte utbygd, seier Bård Sandal, som er fylkesdirektør for Regional utvikling i Hordaland fylkeskommune.

Kommunane som får tilskot i denne tildelingsrunden er Austevoll, Austrheim, Eidfjord, fusa, Granvin, Kvinnherad, Kvam, Jondal, Odda, Radøy, Samnanger, Sveio, Ullensvang og Ulvik.

Auka satsing på breiband og mobil

I framlegget til neste års statsbudsjett er det sett av 281,6 millionar kroner til ny breibandutbygging. Ifølgje Sandal er detaljane kring tilskotsordninga førebels ikkje klare, men det vert truleg særs viktig for kommunane å ha gode breibands- og mobilprosjekt for å nå opp i den nasjonale tildelingsrunden.

DESSE FÅR STØTTE FRÅ HORDALAND FYLKESKOMMUNE

  • Fusa – 1 500 000 kroner
  • Samnanger–Sævild–160 000 kroner
  • Hardangerrådet IKS (åtte kommunar)–2 900 000 kroner
  • Kvinnherad–3 200 000 kroner
  • Austevoll–800 000 kroner
  • Radøy–1 000 000 kroner
  • Sveio–2 000 000 kroner
  • Samnanger–Gaupeholm 70 000 kroner
  • Samnanger–Holmane 180 000 kroner
  • Samnanger–Oldervik 90 000 kroner
  • Samnanger–Øpstebø 90 000 kroner
  • Samnanger–Frølandsdalen 950 000 kroner
  • Austrheim–1 600 000 kroner