Hopp til innhold

Får behalde påbygg-klasse

Eit samla fylkesting valte å halde oppe ei klasse for VG3 Påbygg ved Dale vidaregåande skule. Skulen trengde denne klassa for å kunne halde oppe eit skuletilbod. I tillegg har næringslivet i regionen sagt at dei kan få problem med å tilby læreplassar, og meinte det difor var naudsynt å ha denne klassa som alternativ. Dette vil koste 1,4 millionar kroner ekstra.