Hopp til innhold

Får behalde mesteparten av tilboda

Vel 85 prosent av det indremedisinske tilbodet ved Nordfjord sjukehus skal vere uforandra i framtida.

Nordfjord Sjukehus

85 PROSENT: Leiar i styringsgruppa Odd Søreide seier 85 prosent av det indremedisinske tilbodet ved Nordfjord sjukehus skal vere uforandra i framtida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det seier Odd Søreide som er leiar for styringsgruppa som jobbar med utviklingsprosjektet «Framtidas sjukehus» på Nordfjordeid.

Lokalsjukehuset i Eid har mista både ortopedi og fødeavdelinga og ei prosjektgruppe jobbar no med å finne ut kva tilbod sjukehuset skal ha i framtida.

Prosjektgruppa har no lagt fram si tilråding til korleis det framtidige døgnbehandlingstilbodet innan indremedisin skal sjå ut.

- Rundt 85 prosent av det tilbodet som var ved Nordfjord sjukehus skal vidareførast uforandra no, seier Søreide til NRK.no.

Desse pasientgruppene skal få hjelp her

Det vil seie at følgjande hovudgrupper vil få utgreiing og behandling ved medisinsk sengepost på sjukehuset i Eid.

  • Hjartesjukdommar
  • Infeksjonar
  • Lungesjukdommar
  • Mage-tarmsjukdommar
  • Blodsjukdommar
  • Geriatri/eldremedisin; akutt funksjonssvikt hos eldre
  • Palliasjon
  • Akutte lette til moderate forgiftingar
  • Slagtilbod

Det er også etablert ei kontinuerleg vaktordning med anestesilege og tilgang til spesialsjukepleiar med utdanning i anestesi og intensivmedisin.

I pressemeldinga frå Helse Vest står det vidare at det ikkje er planlagt endringar i lokalsjukehusa sine funksjonar i høve handsaming av hjarteinfarkt.

Styrka tilbod til slagpasientar

Odd Søreide

STYRKA TILBOD: Odd Søreide seier dei har gått inn for å styrke tilbodet til slagpasientar.

Søreide seier til NRK at tilrådinga frå styringsgruppa stort sett er i tråd med det indremedisinske tilbodet som har vore tidlegare. Nokre av endringane er knytt opp til tilbodet som blir gitt til slagpasientar.

- Vi har tidlegare vedteke at det skal vere ein slagpoliklinikk, vil og styrke rehabiliteringa og vi ønskjer å få til eit eige logopedtilbod ved Nordfjord sjukehus for denne pasientgruppa, seier Søreide.

Styringsgruppa meiner at det indremedisinske tilbodet som no blir utforma, er fullt ut i samsvar med føringane som er gitt i mandatet for utviklingsprosjektet, og i tråd med Nasjonal helse-og omsorgsplan.

Allereie i oktober la det fram ei oversikt over det polikliniske tilbodet og dagbehandlingstilbodet dei ville ha ved sjukehuset. No er dei altså ferdig med delarbeidet som har med det indremedisinske tilbodet å gjere. Den endelege rapporten skal sendast til Helse Vest i mars.

- Viktig med god prosess

Det som skjer ved Nordfjord sjukehus legg på mange måtar føringar for korleis andre lokalsjukehus skal utformast for framtida.

- Tanken er at det vi kjem fram til på Nordfjord sjukehus skal kunne brukast andre plassar i landet.

- Slik sett har det vore viktig for meg at prosessen er god og at kunnskapsgrunnlaget knytt opp til aktiviteten på dei små sjukehus er god nok, slik at vi kan fatte gode og fornuftige vedtak.