Hopp til innhold

Får 600.000 kroner til drift av Måløyraidsenteret

Kulturdepartementet løyver 600.000 kroner årleg i driftsmidlar til Måløyraidsenteret.

Bjørn Lødemel markering 8.mai

GLADNYHEIT: Under markeringa av frigjeringsdagen kom Bjørn Lødemel med gode nyheiter for Måløyraidsenteret.

Foto: Bjarne Eldevik

– Det er gode nyheiter. Dette sikrar drifta av senteret, og då er ein eit godt stykke på veg til å få realisert dette viktige senteret som fortel om krigshistoria både lokalt og internasjonalt, seier stortingsrepresentant for Høgre, Bjørn Lødemel.

Han legg til at det ikkje ligg bindingar til fylkeskommunal medverknad når det gjeld driftsmidlane.

I går vart frigjeringsdagen markert over heile landet, og også i Måløy. Her vart grunnsteinen for nettopp Måløyraidsenteret lagt ned.

(Artikkelen held fram under videoen)

Måløy var ein av fire stader i landet forsvarsdepartementet valde å markere firgjeringsdagen.

SJÅ VIDEO: Måløy var ein av fire stader i landet forsvarsdepartementet valde å markere firgjeringsdagen. Foto/Redigering: Bjarne Eldevik.

Treng to-tre millionar til

Måløyraidsenteret skal markere det allierte åtaket på tyskokkuperte Måløy i 1941. Fleire tyske soldatar vart drepne. Det vart også den norske motstandshelten Martin Linge.

– Stiftinga Måløyraidsenteret har prøvd å få på plass både investeringsmidlar og pengar til drift, seier Lødemel.

Det ligg på plass 3,3 millionar kroner frå Forsvarsdepartementet til investering.

– Dei treng litt meir pengar. Vi ønskjer å få på plass eit spleiselag for å få på plass dei to-tre millionane som manglar på investeringsmidlar, seier Lødemel.

Vil ha næringslivet med

Han håpar fylkeskommunen kan bidra.

– Slik at vi kan få opna Måløyraidsenteret neste år. Då er det 75-årsjubileum, og det vil vere eit glimrande høve til å få på plass senteret, seier Lødemel.

– Fylkeskommunen har ikkje akkurat flust med pengar. Er det sannsynleg at dei kan bidra med noko?

– Det å skaffe eingongsmidlar når det gjeld investeringar er noko heilt anna enn å stille årlege driftsmidlar. Eg håpar fylkeskommunen tek dette sporty. Er det vilje og evne, så får ein til dette, seier Lødemel.

Han håpar at også næringslivet i Måløy og Vågsøy vert med på eit spleiselag.

– Dette blir ein viktig del av Måløy og det er viktig å få til noko. Det vil også vere ein viktig del av bybiletet å få til dette, seier Lødemel.

No ser han målstreken

Terje Sølvberg

SNART I MÅL: Terje Sølvberg håpar å sjå Måløyraidsenteret klart til opning neste år.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

– Vi er svært glade for dette, seier lokalhistorikar og pådrivar for Måløyraidsenteret, Terje Sølvberg som takkar Lødemel og andre som har jobba for dette.

Han meiner driftsmidlane gjer det lettare å hente inn dei resterande innvesteringsmidlane, og seier dei har svært lyst til å kome i mål med senteret neste år.

– Når ein jobbar med eit slikt prosjekt som ikkje er noko «big business», så er det viktig at ein har driftsgaranti og pengar til drift. Det er lettare å få eit eingagnsbeløp til investering, så det skal vi klare, seier han.