Samhandlingsreforma trer i kraft 1. januar neste år. Regjeringa ynskjer betre helsetenester der folk bur, tidleg behandling av sjukdom og meir førebygging gjennom reforma.
På landsbasis har regjeringa sett av 133 millionar kroner til samhandling i kommunane. Av desse dryp det midlar på åtte ulike prosjekt i fylket.
– Dette kjem pasientane og innbyggjarane i fylket til gode, seier helse- og omsorgsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.
– Godt i gang
Samhandlingsmidlane skal mellom anna nyttast til lokalmedisinske sentre der kommunar og sjukehus samarbeider om å byggje opp gode lokale tenester. Midlane går også til andre typar samarbeid om helse- og omsorgstenester.
Strøm-Erichsen seier mange kommunar no er godt i gang med å byggje opp helse- og omsorgstenestene sine.
– Pasientar skal sleppe å reise mange mil til sjukehus for å få enkel oppfølging og behandling dersom dei kan få eit like godt eller betre tilbod i nærmiljøet sitt, seier helse- og omsorgsministeren.