Hopp til innhold

Fant sverd frå 1600-talet under rydding på loftet

Det var lenge sidan nokon hadde rydda på loftet i Nedstryn kyrkje. Veldig lenge sida. Så dukka sverdet til ein «relativt kortvaksen» offiser opp.

Norsk Våpenhistorisk Selskap har tidfesta offiserskården til perioden 1670-1700

RELATIVT KORTVAKSEN: Lengda på «Nedstrynkården» – 87,5 centimeter – kan gje ein peikepinn på kven eigaren var: – Relativt kortvaksen, seier antikvitetsekspert Trond L. Schøning.

Foto: Jostein Bøe

På nordsida av Stryneelva, midt mellom Oppstrynsvatnet og Nordfjord, ligg Nedstryn kyrkje på ein liten bakketopp.

I kyrkja er eit loft, men der var det lenge sidan nokon hadde vore.

Heilt til kyrkjelydsrådet fann ut at dei ville rydde i stort og smått.

Ein dag tok ein av medlemmane seg opp på loftet, og der, under eit lag med tjære, openberr det seg eit uventa syn: eit eldgammalt sverd. Frå mellomalderen?

Nærare undersøkingar viste at det dreidde seg om ein offiserkårde.

Norsk Våpenhistorisk Selskap har tidfesta sverdet til perioden 1670–1700.

Mest truleg er det laga i Solingen i Tyskland, konkluderer selskapet. Til å hjelpe seg med identifiseringa har dei ein inngravert dyrefigur og bokstavane In te domine – latin for «I deg Herre».

Dyret er ein Passau-ulv, som ifylgje legenda hadde kraft til å gjere eigaren av våpenet usårleg.

I tillegg har våpenet ekstra dekorasjonar på festet, og ein forseggjort klinge med breie holslipingar.

Nedstryn kyrkje

KYRKJEEIDET: Nedstryn kyrkje står på Kyrkjeeidet kring fire kilometer nordaust for Stryn sentrum i Stryn kommune i Sogn og Fjordane fylke, og er ei langkyrkje bygd i tre i 1859.

Foto: Ottar Starheim / NRK

– Om han vore brukt i krig, veit vi ikkje, seier Jostein Bøe, den lokale «smeden» i Stryn.

Det var han som fekk oppgåva med å pusse og reingjere sverdet.

– Det var tydeleg at sverdet må ha liggje i eit dårleg miljø før det hamna på dette loftet, seier han.

Hovudteorien er difor at «Nedstrynkården», som sverdet har blitt heitande, har liggje under golvet i den gamle krosskyrkja, men vart grave opp då denne vart erstatt av ei ny kyrkje i 1859.

– Det er ikkje uvanleg at mektige offiserar vart gravlagde i kyrkjer på 1600-talet, så eg synest dette er den mest sannsynlege forklaringa, seier Bøe.

Han legg til:

– Og den mest spanande forklaringa.

Ikkje policy å verdisette gjenstandar

Hanne Lovise Aannestad er arkeolog og samlingsforvaltar ved Kulturhistorisk museum. Ho vil ikkje spekulere i verdien til sverdet.

– Vi har ein policy på ikkje å verdisette gjenstandar, seier ho.

– Når det er sagt, så er gjenstanden så ung at den ikkje ligg innanfor kulturminnelovens grense for frede oldsaker, og kan derfor sannsynlegvis omsettast fritt., seier ho.

Aksjonist og antikvitetsekspert Trond L. Schøning seier det er mange «gravkårdar» som dukkar opp i og ved kyrkjer.

Det vil seie at dei vart lagt i kista saman med avdøde. Spesielt når nokon med høg status vart gravlagde – og kista plassert ope i krypten under kyrkjegolvet – var dette vanleg.

Skikken med våpen i grava vart borte med introduseringa av kristendomen, men vende tilbake på 1400-talet. Før han forsvann att på 1800-talet.

Offiserar på 1600-talet var mektigare enn både presten og futen, ettersom dei var direkte underlagd kongen.

For å markere at kården «bar sorg» vart han gjerne smurt med mørk tjære eller bunde i sort tekstil (sørgeflor). Lik også «Nedstrynkården» var.

Norsk Våpenhistorisk Selskap har tidfesta offiserskården til perioden 1670-1700
Foto: Jostein Bøe

Relativt kortvaksen eigar

Lengda til «Nedstrynkården» – 87,5 centimeter – kan gje ein peikepinn på kven eigaren var, meiner Schøning.

– Kården er relativt kort for typen. Dermed kan man tenke seg at den opphavlege eigaren var relativt kortvaksen.

Han seier det i prinsippet skal vere mogleg å finne eigaren av kården, ved hjelp av gamle kyrkjebøker og andre arkiv. I mange kyrkjer kan det også eldre inventarlister der kården kan vere nemnt.

– Dei kan starte med å leite etter ein offiser som oppheldt seg i området i løpet av 1700-talets første halvdel, og høgst tenkeleg døde på staden, seier Schøning.

I motsetnad til Kulturhistorisk museum vil han gjerne seie noko om verdien til sverdet:

– Denne typen kårdar finst i såpass stort mengd at prisbildet ligg ganske fast – for et godt eksemplar med litt «norskbrukt» historie som denne, tenker eg meg ein auksjonsvurdering på mellom 8000 og 12.000 kroner.

PS. kården er no stilt ut i ein glasmonter i våpenhuset i Nedstryn kyrkje.