Hopp til innhold

Fannemel vart nummer 7

Anders Fannemel kom på sjuande plass under opningsrennet i Oberstdorf.

Anders Fannemel

HOPPVEKA: Anders Fannemel gjorde det bra under dagens opningsrenn under hoppveka.

Foto: SILJE GUDDAL / NRK

Hoppveka er i gong i Oberstdorf. I dag var det opningsrenn og fem norske hopparar deltok.

Etter første omgang kom Anders Fannemel på ein 4.-plass. Men etter andre omgang hamna han 7.-plass, delt med ein annan nordmann, Johann André Forfang.

Anders Fannemel har lada opp til hoppveka saman med familien i Hornindal.

I morgon er det klart for kvalifisering til nyttårshopprennet.