Kjempehopp heldt ikkje for Fannemel - hamna til slutt på 4. plass

Honndølen Anders Fannemel drog til med eit kjempehopp og landa på 143 meter under første omgang av verdscuprennet i Klingenthal. Men i andre omgang hamna han til slutt på 4. plass.

Direkte fra Klingenthal. Kommentatorer: Christian Nilssen og Espen Bredesen.

Roman Koudelka vann til slutt rennet med 276,4 poeng totalt. Andreas Wellinger frå Tyskland var siste hoppar ut, og slå Fannemel ned frå pallen med eit naudskrik. Stefan Kraft tok andreplassen.

– Fannemel er i form, sa NRK sin ekspertkommentator Espen Bredesen etter honndølen sin innsats i første omgang.

Fannemel hadde konkurransens lengste hopp i første omgang, men ein andre omgang på det jamne, heldt ikkje til pallplass til slutt.

Fannemel har hatt fleire hopp i Klingenthal på godt over 140 meter, og gledde seg til dagens konkurranse.

– Tilhøva har vore ganske stabile i alle hoppa mine og når eg flyg skikkeleg, så klarar eg å presse godt ned med beina og overkroppen. Då får eg god fart over kulen, seier Fannemel.

Må hoppe bakken ned for å ha sjanse

Alle hoppa han har gjort i Klingenthal i helga har vore på over 135 meter, og det meiner han lovar godt.

– Eg håpar eg klarar å halde fram med det, seier Fannemel.

I går tok nordmennene tredjeplass i laghoppkonkurransen, og Fannemel strekte seg til 144 meter i eine hoppet.

– Eg må nok hoppe ned mot hillsize for å ha sjans. Men får eg til to hopp, slik som i lagkonkurransen, så er eg med på å kjempe. Eg føler at det berre blir klarare og klarare kva eg skal gjere, så eg håpar eg klarar å halde fram med det, seier Fannemel.

(Artikkelen held fram under videoen)

Intervju med Anders Fannemel. Reporter: Christian Nilssen.

Vil inn blant topp ti

Fannemel er klar på målsetnaden for rennet i dag.

– Målet er å kjempe blant dei ti beste, seier Fannemel.

Og med to gode hopp, er ikkje vegen lang opp til pallplass.

– Eg får prøve å få til nokre susarar, så kan det bli veldig kjekt, seier Fannemel.