Fann sprengstoffkammer i fjellovergang

Mystiske ringar gjorde at vegarbeidarar undersøka kva som skjulte seg under asfalten. Det viste seg å vere sprengstoffkammer frå den kalde krigen.

Her finn dei sprengstoffkammeret under fylkesvegen

GREV ETTER TNT: Under vegarbeid på Sognefjellsvegen fann fylkeskommunen sprengstoffrøyr.

Foto: Heidi Lise Ravnestad / Vestland fylkeskommune

Denne hausten har Vestland fylkeskommune jobba med å setje opp eit nytt rekkverk på Sognefjellsvegen.

På eit tidspunkt la ein av arbeidarane merke til nokre rare sirklar i asfalten.

Dei kontakta Forsvaret og fekk bekrefta mistanken: Sirklane var ein del av KOMØD, som står for kommunikasjonsøydelegging av installasjonar.

Eller med andre ord: Dei hadde funne eit sprengstoffkammer frå den kalde krigen. I alt sju av dei.

Alle saman gøymt og gløymt under asfalten i fjellsida på fylkesveg 55 mellom Sogndal og Lom.

Her kunne forsvaret sleppe ned tnt og sprenge Sognefjellsvegen

FINARBEID: Sprengstoffrøyra blei undersøkt med stor forsiktigheit.

Foto: Heidi Lise Ravnestad / Vestland fylkeskommune

Om Sovjet invaderte

Truleg vart sprengstoffkammera i Sognefjellsvegen nedgravne på 50- eller 60-talet. Med den kalde krigen som bakteppe.

På den tida la Forsvaret og Vegvesenet ut fleire slike sprengstoffkammer, for å forsinke fienden og øydeleggje vegane dersom han – det vil seie Sovjetunionen – invaderte.

– Ynskjer ikkje å gå i detalj om plasseringane

Det er ikkje fyrste gong vegarbeidarar kjem over gamle sprengstoffkammer, og Forsvaret bekreftar overfor NRK at dei fleire stader har det dei kallar «kommunikasjonsøydelegging» i landet.

– Men vi ynskjer ikkje å gå i detalj om dei enkelte plasseringane, seier oversersjant Preben Aursand ved Forsvarets operative hovudkvarter.

Han kan ikkje svare sikkert på om det på noko tidspunkt har vore sprengstoff i røyra.

Ringar i asfalten

FARESIGNAL: Ringar i asfalten gjorde at arbeidarane stilte spørsmål om kva som skjulte seg under Sognefjellsvegen.

Foto: Heidi Lise Ravnestad / Vestland fylkeskommune

– Vi hadde gode indikasjonar på at det ikkje var sprengstoff i dei, seier Inge Haustveit, som er rådgjevar for fjellsprenging i Vestland fylkeskommune.

Elles ville dei ikkje tatt sjansen på å inspisere kammera.

Han legg til at installasjonane berre har historisk interesse, «då dei ikkje lenger har nokon strategisk verdi».

Men minner om at det stor fare for alvorlege ulukker dersom installasjonane faktisk er sprengladde.

– Me må vere 100 prosent sikre på at installasjonane ikkje utgjer ein risiko.

Det var under arbeid med rekkverket at.

FRÅ REKKVERK TIL BOMBER: Arbeid med å setta opp nye rekkverk ved vegen blei sat på vent for å sjå etter sprengstoff under han.

Foto: Heidi Lise Ravnestad / Vestland fylkeskommune