Hopp til innhold

Fann sjeldan kval i Ervik ved Stad

«Ukjend» kval funnen i fjæra i Stad. No vil forskarar hente dyret.

Sjeldan kval i Ervik

SJELDAN: Det var ein sjeldan nordspisskval som vart skyld opp i fjæra i Ervik i Stad kommune.

Foto: Svein Per Ervik / NRK

Det vart ein smule dramatisk då ein turist oppdaga ein hardt skadd kval i fjæra i Ervik i Stad kommune torsdag.

Ifølge augevitnet Svein Per Ervik forsøkte kvalen å kjempe seg ut i havgapet. Den oppgåva vart for stor for han. Til slutt gav han opp og mista livet.

Svein Per Ervik, i lag med andre lokale på staden, fekk brukt krana og heist han opp på moloen. Der såg dei store fysiske skadar på nebbet.

– Han såg hardt skadd ut, seier Ervik.

Dagen etter skar dei kvalen opp for å sjekke buken, før dei gravla han. Det tyda på han ikkje har evna å fått i seg næring.

– Magen og tarmane var heilt tomme, så eg går utifrå han har svolte, seier Ervik.

I etterkant av at denne artikkelen vart publisert har også avkommet til kvalen blitt funne.

– Her kan det ha skjedd noko i samband med fødselen, skriv havforskar Christoph Neuer til NRK.

Sjeldan kval i Ervik

SKADD: Kvalen hadde store skadar i nebbet. Mykje tyder på kvalen ikkje har evna å få i seg næring.

Foto: Svein Per Ervik / NRK

Veit særs lite om denne kvalen

Ifølgje forskingsgruppeleiar i Havforskingsinstituttet Tore Haug tyder bileta på at det er snakk om ein nordspisskval. Forskaren fortel at nordspisskvalen dykkar djupt og at dei sjeldan blir observerte i live.

– Denne type kval ser me sjeldan. Me veit særs lite om nordspisskvalen, seier Haug.

Kva som er dødsårsaka er ikkje godt å seie, men skadane på nebbet tyder på at kvalen kan ha blitt påkøyrd av ein båt eller liknande, ifølgje forskaren.

– Det er ikkje heilt uvanleg at kvalar kolliderer med skip på denne måten, seier Haug.

Nordspisskval

UKJEND: Nordspisskval er ein art i nebbkvalfamilien. Han held til på djupt hav og lever truleg av ulike artar blekksprut og fisk. Mykje av biologien til denne kvalen er ukjend.

Foto: Wikimedia Commons

Postdoktor på marin fauna ved Universitetet i Bergen, Christoph Neuer er forskaren som fann «plastkvalen» på Sotra. Idet han fekk nyss om denne kvalen sende han bilete til kollegaer i andre land.

Han synest funnet vart så spennande at han ønskjer å gjere alt i si makt for å frakte leivningane til Universitetsmuseet i Bergen.

Han gir ros til Svein Per Ervik og dei andre lokale i Ervik for korleis dei handsama kvalen.

– Det er bra dei fekk sjekka magesekken og gravlagd han. Det gjer det enklare for oss fordi vi kan grave han opp igjen etter at kjøtet har rotna bort, skriv Neuer i ein SMS til NRK.

Planen er å hente skjelettet til Universitetsmuseet i Bergen om eitt år eller to.

Sjeldan kval i Ervik

KVALFUNN: Det vart litt av ein operasjon for å få gravlagt det store dyret. Kvalen vart målt til 5,3 meter med ei vekt på rundt eitt tonn.

Foto: Svein Per Ervik / NRK

Får sjå kvalen på museum

Det oppstod ein del forvirring mellom dei lokale, kommunen og Fiskeridirektoratet om kven som eigentleg hadde ansvar om å ta hand om kvalen. Fiskeridirektoratet kunne berre hjelpe til om kvalen hadde vore i live.

Det var dermed gode nyheiter for Svein Per Ervik å få høyre at forskarane i Bergen no ønskjer å hente kvalen.

– Det hadde jo vore litt synd om ein så sjeldan kval berre blei nedgraven. No får eg kanskje sjå kvalen på museum om nokre år. Det er jo kjekt, seier han.

Ervik fortel at det vart ein større folkevandring for å få sjå kvalen.

– Det har kome bilar her jamt og trutt, seier Ervik.

Sjeldan kval i Ervik

GODT JOBBA: Svein Per Ervik får skryt frå forskarane etter jobben med å få gravlagd kvalen. Han synest det er kjekt at forskarane vil frakte han til Universitetsmuseet i Bergen.

Foto: Svein Per Ervik / NRK