Hopp til innhold

Fann sau bunden til stein

På botn av fjorden.

Sau i fjorden

Biletet er teke tysdag, på vel 16 meters djupn.

Foto: Hans Harald Ylvisåker

- Eg skvatt ikkje så veldig, men synet var markabert. Det tok ei stund før eg oppfatta kva det eigentleg var, seier Hans Harald Ylvisakår til Sogn Avis.

På 16 meters djupn, like utanfor den populære badeplassen Eidet i Sogndal kommune, fann dykkaren ein sau fastbutten til ein stor stein.

Eidet

Her fann dykkarane sauen. Butten til ein stein 150 meter frå land.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Daud eller levande?

- Først såg det ut som ei flytebøye som hang frå botnen. Men då vi kom bort såg vi at det var ein sau som hadde tre av føtene festa i ein stein, seier Alvin Lægreid - ein av dykkarane som var nede og tok bilete av tysdag etter at Hans Harald Ylvisåker hadde funne den på søndag.

- Den var om lag 150 meter frå land, så den må ha vorte sleppt frå ein båt, legg Lægreid til.

- Trur du den var daud eller levande då den vart sleppt uti?

- Eg veit ikkje. Men han såg ikkje skada ut på nokon måte, så den han godt ha vore levande, seier Lægreid.

Stor umake

Kva som er årsaka til at nokon skal ta seg bryet med å ta ein vaksen sau, daud eller levande, ha den ombord i ein båt for så å ta den med 150 meter ut på fjorden for å kaste den uti, kan framstå som noko uklårt.

- Det er klart at dersom nokon vil kvitte seg med eit sauekadaver finst det mange enklare måtar å gjere det på, seier Ylvisåker.

Likevel skal det ikkje vere uvanleg at gardbrukarar omgår tungvinte reglar for deponering av kadaver ved å gjere det på denne måten.

Lett å finne eigaren

Sauen hadde framleis øyremerke, og det blir dermed lett å finne ut kven som eig den. Politiet i Sogndal seier til Sogn Avis at dei vil ta opp kadaveret for å finne ut kva som har skjedd.

- Det viste ikkje så godt på den at den hadde lege der så lenge, men i følgje kameraten min hadde det skjedd forandringar sidan søndag. Den hadde teke til å flasse i ansiktet, seier Lægreid.