Hopp til innhold

Far og son fann kvar sin satanmynt under stavkyrkjerestaurering

Då snikkar Erlend Gjelsvik var med å restaurere Hopperstad stavkyrkje i Vik, fann han ein underleg mynt med ein satanfigur på. Få år etterpå gjorde sonen Tor Egil Gjelsvik eit liknande funn, denne gongen i Urnes stavkyrkje i Luster. Det er to av tre registrerte funn av såkalla satanmyntar i Norge.

Gjelsvik og mynten

BORTE: Både f.v. Erlend og Tor Egil Gjelsvik har funne kvar sin satanmynt, men veit ikkje kor dei er. Mynten til høgre er identisk, og er den tredje mynten som er funnen i Norge. Denne vart funnen i Ringebu stavkirke.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu/Terje Helland / NRK/Myntkabinettet

– Eg fann ein mynt framme i koret, framme i apsisen (halvsirkelforma nisje i koret i kyrkja). Han stod på botnramma i eit spor som veggane står i, seier Gjelsvik.

Mynten var prega med ein satanfigur på eine sida, samt teksten

Far og son Gjelsvik jobbar begge i Nedre Jølster Bilelag, ein gjeng med snikkarar som jobbar etter gamlemetoden og som har hatt mange oppdrag i stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren, der målsetjinga er å setje dei 28 stavkyrkjene i Norge skikkeleg i stand.

Var trykt ned bak ei list

Gjelsvik brukte ikkje så mange kilokaloriar på mynten han fann, og la han vekk. Restaureringa av Norges eldste stavkyrkje Urnes gjekk sin gang, utan fleire rare funn.

Nokre år seinare var bilelaget i gang med restaureringa av Hopperstad stavkyrkje i Vik. Der gjorde sonen, Tor Egil, eit identisk funn.

Dette er ikkje noko eg skattar veldig høgt. Eg har hatt han liggjande i bilen heile tida. Men akkurat no finn eg han ikkje. Meir merksemd enn dette, får han ikkje av meg.

Erlend Gjelsvik

– Mynten var trykt ned bak ei list på prestefruestolen framme i koret, seier Tor Egil Gjelsvik.

Han skulle demontere stolen fordi noko skulle reparerast, og gjorde store augo då mynten ramla ut.

– Det var jo litt spennande med ein gong. Eg har ikkje sett noko liknande, seier Tor Egil Gjelsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Satanmynt frå Ringebu

DJEVEL: På framsida av mynten er det bilete av ein djevel, og orda 'civitas diaboli'.

Foto: Terje Hellan / Myntkabinettet

Omtrent som ei gammal femkrone

Vel heime tok han Internett i bruk for å finne ut kva dette kunne vere for noko.

– Vi fann vel ut at det var ei sekt på ei øy i Danmark som kanskje stod bak. Og at ein hadde stukke myntar inn her og der for å kaste ei forbanning over plassen, seier Tor Egil Gjelsvik.

Erlend Gjelsvik har ikkje ønskt noko merksemd rundt mynten, og har sagt minst mogleg om funnet, som vart gjort for nokre år sidan.

– Eg kan styre meg for å gi slikt noko merksemd. Vi veit at mykje merksemd om slikt kan gi folk idear, men, men. Vi fann dei no iallfall, seier Erlend Gjelsvik.

Mynten er på størrelse med ei gammal femkrone, prega med ein satanfigur og orda "civitas diaboli" på framsida, og orda «13. mai Anholt 1973» på baksida.

Snikkarane kontakta Riksantikvaren om funnet, men elles har dei halde det for seg sjølve for det meste.

– Det er heilt sikkert funne fleire myntar enn det vi kjenner til. Det er litt av eit samantreff at vi to skulle finne ein i kvar vår kyrkje, så det er heilt sikker andre som har funne også, seier Tor Egil Gjelsvik.

Anar ikkje kor myntane er

Dei to snikkarane har innimellom tenkt på kva dei som har plassert myntane har ønskt å oppnå.

– Det er ikkje godt å seie, seier Tor Egil Gjelsvik.

– Dei var sikkert veldig godt nøgde med at dei klarte å plassere dei, seier Erlend Gjelsvik.

– Men kor er myntane dykkar no?

– Nei, sei det. Det er vi fleire som lurer på. Eg veit ikkje kor min er, seier Erlend Gjelsvik.

Når ein dunkar borti noko i mørket, så får ein litt sjokk når ein får på lys og ser rett inn i skallen på ein kar som er halvveges dregen ut av ei kiste.

Erlend Gjelsvik

Heller ikkje sonen har peiling på kor mynten han fann er hen.

– Nei, han er nok ein eller annan plass. Men det er ikkje noko eg har teke spesielt godt vare på, kan du seie, seier Tor Egil Gjelsvik.

– Nei, dette er ikkje noko eg skattar veldig høgt. Eg har hatt han liggjande i bilen heile tida. Men akkurat no finn eg han ikkje. Meir merksemd enn dette, får han ikkje av meg, seier Erlend Gjelsvik.

(Artikkelen held fram under biletet)

Tor Egil og Erlend Gjelsvik

FLEIRE: F.v. Tor Egil eller Erlend Gjelsvik ser ikkje vekk frå at det finst fleire myntar gøymde i gamle kyrkjer.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

Har funne langt meir spennande ting

– Det er alltid spennande å sjå kva som gøymer seg bak gamle veggar, seier Tor Egil Gjelsvik.

Erlend Gjelsvik er klar på at han ikkje har behov for å finne fleire satanmyntar.

– Det er ein heil del andre myntar eg heller ville funne enn den der. Eg er ikkje så veldig oppteken av slike satanist-greier. Men det er alltid spennande å demontere gamle ting, seier Erlend Gjelsvik.

Men dei to snikkarane har opplevd langt meir spennande funn under restaurering av stavkyrkjer enn funnet av satanmynt.

– Vi har no opplevd å krype på kranium og beinrestar i mørket når vi har vore under kyrkjegolv. Når ein dunkar borti noko i mørket, så får ein litt sjokk når ein får på lys og ser rett inn i skallen på ein kar som er halvveges dregen ut av ei kiste. Det er kanskje vel så spennande, seier Erlend Gjelsvik og smiler.

– Det er ikkje kjedeleg å vere handverkar. Det er stadig noko nytt, seier han.

Ingenting som tyder på satanisme

Men sjølv om myntane til familien Gjelsvik ikkje er å finne per i dag, er det ikkje tvil om at funna er reelle.

Seniorrådgjevar og prosjektleiar for stavkyrkjeprogrammet hjå Riksantikvaren, Sjur Mehlum, stadfestar at det er gjort funn.

– Det vart funne ein slik mynt i Urnes stavkyrkje i samband med restaurering i 2010, og det vart også funne ein mynt i Hopperstad stavkyrkje eit par år før, seier Mehlum.

Eg trur det er funne fleire. Men eg har inntrykk av at mange har vore litt engstelege for dette, og kanskje ikkje visst heilt kva dei skulle gjere med dei.

Anette Sættem

Han meiner det ikkje er grunnlag for å sjå funna av satanmyntar i samanheng med dei mange kyrkjebrannane og aktiviteten i ymse ekstreme miljø på 1990-talet.

– Det er ingenting som tyder på ein samanheng, seier Mehlum.

Det vart også funne ein satanmynt i Ringebu stavkirke på 1990-talet.

– Den ligg på Myntkabinettet, men det er ikkje nokon vernerestriksjonar på desse myntane, seier Mehlum.

(Artikkelen held fram under biletet)

Urnes stavkyrkje

ELDST: Tor Egil Gjelsvik fann ein satanmynt i prestefruestolen i Urnes stavkyrkje i Luster.

Kan godt finnast fleire myntar

Kvifor desse myntane har vorte plassert i kyrkjer, og kven som har gjort det, er det vanskeleg å seie noko om.

– Vi hjå Riksantikvaren har ikkje noko meining om det, seier Mehlum.

Men han ser ikkje vekk frå at det kan dukke opp fleire myntar, ettersom ein restaurerer gamle kyrkjebygg.

– Det kan vi ikkje sjå bort frå, seier Mehlum.

Sjur Mehlum og Erling Gjelsvik

STADFESTAR: Seniorrådfjevar Sjur Mehlum hjå Riksantikvaren stadfestar at dei kjenner til funn av tre satanmyntar. Her saman med Erlend Gjelsvik utanfor Urnes stavkyrkje.

Foto: Birger Meland / NRK

Mehlum er prosjektleiar for stavkyrkjeprogrammet, der ein har jobba for å setje alle dei 28 stavkyrkjene i Norge i forsvarleg stand. Programmet er no heilt i sluttfasen.

– I år er det særleg Høyjord stavkyrkje i Vestfold som står for tur. Stavkyrkjeprogrammet vert avslutta i 2015, og vi er heilt i rute for å bli ferdig med alle kyrkjene. Då er våre 28 stavkyrkjer restaurert og i god stand, seier Mehlum.

Dukka opp under magasinrydding

Ved Myntkabinettet ved kulturhistorisk museum i Oslo har dei den satanmynten som vart funnen i Ringebu stavkyrkje for nokre år tilbake, og denne er identisk med myntane funne i andre kyrkjer.

– Den dukka opp att under ei magasinoppryddig som vi hadde ei tid tilbake, seier magasinforvaltar ved Myntkabinettet, Anette Sættem.

Ho har høyrt om dei to myntane som er funne i Hopperstad og Urnes, men trur også at det er funne fleire myntar, sjølv om dei ikkje er samla i hop nokon stad.

Vi vil gjerne vite om funnet, kor og når mynten vart funnen. Og vil du ikkje ha han sjølv, så tek vi meir enn gjerne i mot, sjølv om han er yngre enn 1650.

Anette Sættem

– Eg trur det er funne fleire. Men eg har inntrykk av at mange har vore litt engstelege for dette, og kanskje ikkje visst heilt kva dei skulle gjere med dei, seier Sættem.

Noko som ikkje er så rart. I åra 1992-1996 vart ei rekkje kyrkjer påtente, fleire av dei av ungdommar som i nokre tilfelle var tilknytta ekstreme miljø. Etterforsking synte at fleire av eldpåsetjarane var tilknytta også satanistiske miljø.

Ubehagelege å finne

Men Sættem understrekar at det verkar klart at opphavet til satanmyntane ikkje har noko med dette å gjere.

– Det som har komme fram i Danmark, tyder jo på det, seier Sættem.

Ho trur likevel myntane er plasserte medvite, nettopp for å skape frykt.

– Eg trur kanskje det. Det er ubehageleg å finne slikt i ei kyrkje, seier Sættem.

Sidan satanmyntar er relativt unge, frå 1970-talet, er det ikkje noko krav til at dei skal takast vare på.

Den magiske grensa for myntar er 1650. Alt du finn, eller har, som er datert etter dette, er det ikkje krav til å levere inn på museum. Men skulle du likevel sitje på ein spennande mynt, eller finne ein mynt som er spesiell, så vil Myntkabinettet gjerne ha beskjed.

– Vi vil gjerne vite om funnet, kor og når mynten vart funnen. Og vil du ikkje ha han sjølv, så tek vi meir enn gjerne i mot, sjølv om han er yngre enn 1650, seier Sættem.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hopperstad stavkyrkje i Vik

I VIK: Den eine satanmynten vart funnen under restaurering av Hopperstad stavkyrkje frå 1130-talet.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Har funne nær 400 satanmyntar

I Danmark har ein i løpet av 40 år funne mange hundre satanistiske sølv- og koparmyntar.

Avisa Politiken skreiv om temaet i ein lengre artikkelserie «Satans mønt», og gjennom arbeidet med sakene har Politiken fått kjennskap til om lag 370 myntar som er funne i kyrkjer og museum rundt omkring i Danmark.

Dei fleste er funne på Køge Museum, der 270 satanmyntar i sølv var gøymde i utstillingssalane.

I alt har Nationalmuseet i København fått innlevert satanmyntar frå ni danske kyrkjer.

Felles for myntane er at dei ofte har vore snedig gøymde. Mellom anna var ein satanmynt kilt inn under statuen Dåbens Engel i Vor Frue Kirke i København. Statuen skulle flyttast i 2004 då han tok utsikta ved bryllaupet til det danske kronprinsparet.

– Om han som har lagt mynten der har ønskt å gjere om dåpen i dåpsfatet, eller kva det var for ein førestilling eller svart teologi som låg bak, veit vi ikkje, seier meinigheitsrådsformann Karsten Fledelius til Politiken.

Fann okkulte brev under kyrkjegolv

Men alt i 1995 vart det funne satanmyntar i domkyrkja i København. Under ein golvreparasjon vart det funne 50 satanmyntar og elleve okkulte brev, seier Fledelius.

Historia vart halden hemmeleg, då ein frykta at dette var ein del av ein satanistisk offensiv.

Historikar og myntekspert Keld Grinder-Hansen trur ikkje det er tilfeldig kor myntane vart plasserte.

– Dei er plasserte der dei skulle spreie vondskap. Ein puttar det vonde inn i det gode. Det er sjølve staden, kyrkja, som ein ønskjer å ramme, seier Grinder-Hansen til Politiken.

Avisa jobba grundig for å komme til botns i kven som kunne stå bak dei litt sære myntane.

Men for å komme dit, må vi tilbake i tid til 1973, til den vesle øya Anholt, som ligg i Kattegat.

(Artikkelen held fram under biletet)

Satanmynt bakside

1973: På baksida av myntane er det prega inn 13. mai, Anholt, 1973.

Foto: Terje Hellan / Myntkabinettet

Mysteriet på øya Anholt

Bebuarane på øya fann 13 okkulte offerplassar midt i det som heiter Ørkenen, den mest aude plassen på heile øya.

Politisaka fekk merksemd frå både dansk og utanlandsk media. Mange spekulerte i om Anholt hadde vorte eit sentrum for satandyrking. Saka vart aldri løyst av politiet, og har vore eit mysterium. Fram til no.

Lene Langkow Saaek er niesa til Knud Langkow, som døydde i 2004. Han kunne fort ha teke med seg heile hemmelegheita i grava, men slik skulle det ikkje gå.

– Det var Knud som gjorde det. Det var berre slik det var, seier Saaek til Politiken.

Dei er plasserte der dei skulle spreie vondskap. Ein puttar det vonde inn i det gode. Det er sjølve staden, kyrkja, som ein ønskjer å ramme.

Keld Grinder-Hansen

Familien kjende godt til alle Knud Langkows brev med satanstempel og historier om yppersteprestinna frå Anholt. Dei kjende også til satanmyntane, og falske lesarbrev der han utgav seg for å vere andre.

Men ho slår likevel fast at onkelen ikkje var satanist. Han var derimot ateist, og var imot det kyrkja står for. Han feira heller ikkje jul. Ho har ein teori på kvifor onkelen gjorde det han gjorde.

– Eg trur han ville setje sitt spor i verda. Heile livet hans gjekk eigentleg med til det, seier Saaek.

Får aldri vite heile sanninga

Knud Langkow arbeidde på Statens Museum for Kunst, der han tok telefonen. Svært få han nokre minne av han, sjølv om han jobba der til han gjekk av med pensjon i 1991. På den hierarkiske arbeidsplassen, vart ikkje ein funksjonær rekna for noko spesielt.

– Langkow blei ikkje rekna for noko. Inspektørane og konservatorane var i toppen, og dei andre vart knapt nok ensa. Han har sikkert vorte dårleg handsama, og har kjent seg forbigått. Det var eit veldig snobberi den gangen, seier Chris Fischer, som i dag er leiar på Forskingscenter for Tegnekunst.

Eg trur han ville setje sitt spor i verda. Heile livet hans gjekk eigentleg med til det.

Lene Langkow Saaek

Kvifor han valde å vie livet sitt til dette, er det berre han som veit.

– Vi får aldri vite nøyaktig kva slags menneske han var, seier niesa Lene Langkow Saaek til Politiken.

Då Knud Langkow døydde, av sjølvmord, hadde han destruert det meste av det han eigde. Likevel har han lagt ut spor hist og her, som stadig dukkar opp.

For eit halvt år sidan vart det funne ei samling av novellene hans, gøymde i ein sofa på Køge Museum. Ei av desse, Den lille vorherre», startar slik:

«Det var engang en mand, der gik og følte sig helt til overs. Som alle andre mennesker følte han en trang til at skabe noget – om ikke for andet så for at give si egen tilværelse et vist indhold».