Hopp til innhold

Fann narkotika og tjuvegods til 70 000 kroner

Då politiet i Vågsøy oppklara innbrotsraidet natt til tysdag, fekk dei også ei narkotikasak på bordet. – Det er ikkje ofte vi gjer beslag av heroin, seier lensmann Tormod Hvattum.

Lensmann i Vågsøy Tormod Hvattum

RASK OPPKLARING: Med god hjelp frå publikum trengde ikkje betjentane til lensmann Tormod Hvattum lange tida på å oppklare innbrotsraidet natt til tysdag.

Foto: Hildegunn Løken Holtan / Fjordenes Tidende

Det var natt til tysdag at dei to mennene, som er i 30-40-årsalderen, tok seg inn i ein garasje og det gamle DnB-bygget i Måløy.

Dei gjorde også skadeverk og prøvde å ta seg inn i billettkontoret til hurtigbåten.

– Godt samarbeid og godt politiarbeid, samt overvakingskamera, førte oss på sporet av mennene. Dei har tilstått og vi har funne att det meste av tjuvegodset, seier lensmann Tormod Hvattum.

Truleg heroin

Mennene fekk mellom anna med seg ein kabel frå garasjen, samt verktøy for kring 70 000 kroner frå DnB-bygget som er under rehabilitering. Begge er busette i området og er såkalla tidlegare kjenningar for politiet.

Ifølgje Fjordenes Tidende var mennene rusa då dei utførte innbrota.

– I tillegg til tjuvegodset gjorde vi også beslag i ei mindre mengd av det som truleg er heroin og hasj. Heroin er eit sjeldan beslag. Medan vi seier oss ferdige med innbrotssakene, så nøstar vi no vidare på narkotikasaka, seier Hvattum.