Hopp til innhold

Fann kroppsdel i ulovleg grav etter politiaksjon

FØRDE (NRK): Midt på lyse dagen samla pårørande seg for å grave ned ein kroppsdel frå eit høgst levande menneske på gravplassen Blomreina i Førde.

Lita grav på Blomreina i Førde.

FRAMLEIS HOL: Den vesle grava er godt synleg for dei som går inn på gravplassen i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ein laurdag i desember såg ei kvinne eit noko uvanleg syn.

På Blomreina gravplass i Førde la ho merke til fleire personar som grov ned noko.

Ei veke etter bestemte ho seg for å melde frå til politiet om det ho opplevde på gravplassen.

Fann kroppsdel

Politiet tok då kontakt med kyrkjekontoret, som ikkje hadde hatt nokon offisiell seremoni den aktuelle laurdagen.

Det gjorde at politibetjentar og ein krimteknikar utstyrte seg med spadar og la kursen mot gravstaden.

Tysdag denne veka sette dei spaden i jorda mellom ein mur og ein rhododendronbusk.

– Det var ein kroppsdel som var nedgraven, seier lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske.

Kirurgisk inngrep

Politiet kom i kontakt med gravleggarane.

Det viste seg at kroppsdelen stamma frå eit kirurgisk inngrep og ikkje var knytt til noko straffbart.

– Dei var ikkje kjende med retningslinjene for gravlegging. Dei hadde handla i god tru. Dette skjedde midt på dagen på ein laurdag, så det var ikkje forsøk på å skjule noko, seier Fiske.

Kommunikasjonssjef i Helse Førde, Terje Ulvedal, stadfestar at dei kjenner til historia.

Det var pårørande som bad om å få med seg ein kroppsdel etter ein operasjon. Både politi og helse stadfestar at pasienten er i live.

– Ikkje vanleg

Gravlegginga av kroppsdelen var ein del av ein religiøs seremoni.

No har politiet informert om kva gravleggarane bør gjere neste gong, viss det skulle skje igjen.

Lensmannen er glad for at vitnet på gravplassen tok kontakt med politiet, slik at det ikkje utvikla seg til ei større mistyding.

– Vi har ikkje hatt liknande saker før, og det er heller ikkje vanleg på landsbasis, seier Fiske.