Hopp til innhold

Fann granatar i sjøbu

Entreprenørar fann eksplosive krigsminne.

Granatar i Kalvåg

- Dei vart funne i samband med restaurering av ei sjøbu i Kalvåg. Då taket skulle takast av kom dette til syne, seier lensmann i Bremanger, Hans Rune Strandos.

Uviss nasjonalitet

Ingolf Røys i firmaet Bygg og Innredning seier dei fann seks store granatar ei kanon, tilsynelatande frå 2. Verdskrigen i går. Dei låg i ein kasse på eit loft, men rust gjer at det er uråd å lese skrifta som var trykt på det. Dermed har han heller ingen aning om kva land dei stammar frå.

- Dei er no dekka til så dei skal ikkje innebere nokon fare slik dei er no, seier Strandos.

Sprenging i morgon

Forsvaret har ei eiga eining som tek hand om etterletne sprenglekamar. Lensmannen kontakta dei i går, og reknar med at dei fjernar og sprengjer granatane med det aller første.

- Det siste eg høyrde er at det kjem folk frå Bergen i morgon og tek hand om det, seier han.