Hopp til innhold

Fann ferske fyrstikker ved den brende skogen

KAUPANGER (NRK): John Ertesvåg fann fyrstikker i nærleiken av skogbrannområdet på Kaupanger i Sogn. Etter seks brannar på to veker, fryktar folk på at ein brannstiftar går laus i ein av dei største skogane på Vestlandet.

John Ertesvåg tilbake på brannstaden i Kaupanger

TILBAKE I SKOGEN: John Ertesvåg var med på sløkkearbeidet på Dalaker onsdag kveld. Dagen etter fann han ei fyrstikkeske like ved der det brann.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

– Det er skremmande. Når det er så tørt, så er det ingen spøk. Det er fire hus som er berre 100 meter unna. Hadde det teke skikkeleg fyr, så hadde det brunne oppover mot dei husa, seier John Ertesvåg.

I går kveld brann det på to forskjellige stader på Kaupanger i Sogn omtrent samstundes. Først i Amla klokka 17.30, så på Dalaker klokka 18.22. John Ertesvåg er tilbake med NRK på staden der han fann fyrstikker i går kveld, på Dalaker.

– Vi såg det låg ferske fyrstikker midt oppe i her det hadde brunne. Og det var sykkelspor inn og ut også. Dei som driv med terrengsykling på Kaupanger, brukar ikkje å sykle her.

Medan Ertesvåg er tilbake på staden med NRK, finn han ei fyrstikkeske i graset.

Fyrstikkeske på brannstaden

FANN DENNE: Medan NRK var med Ertesvåg på brannstaden dagen etter, fann han denne i graset.

Foto: Fredrik Johan Helland / NRK

Seks brannar på to veker

Med ekstrem stor skogbrannfare i Sør-Noreg er det svært lite som skal til for at store område går tapt om det først tek fyr. Kaupangerskogen i Sogndal kommune er ein av dei største skogane på Vestlandet, og det er store verdiar i furuskogen, som fleire stader ligg tett inntil busetnad.

Skogbrannar på Kaupanger

Sidan 24. mai har det vore seks mindre skogbrannar i området . Fire i Amla og to oppover mot Dalaker, to område om lag fire kilometer frå kvarandre i luftlinje. Takka vere rask innsats frå sivile og brannvesen, har dei små skogbrannane ikkje fått utvikla seg til noko større.

Helge Ruud, ein av bøndene som var med på sløkkinga av brannen ved Amla på Kaupanger

GYLLEVOGN PÅ PLASS: Fleire bønder var onsdag kveld med på sløkkjearbeidet på dei to skogbrannane på Kaupanger. Lensmann Inger Lill Lanes oppfordrar alle som har slike vogner til å fylla dei opp med vatn.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er skremmande. Eg håper politiet finn ut av det, og at dei set store ressursar på saka, seier Ertesvåg.

Trur brannane er påsett

Brannane dei siste vekene har blitt eit tema ved Kaupanger skule. Rektor ved skulen, Kjell Ertesvåg, seier det har vore viktig å snakke om det som har skjedd.

Bilete av rektor ved Kaupanger skule - Kjell Ertesvåg

SNAKKAR UT: Rektor ved Kaupanger skule, Kjell Ertesvåg, seier brannane dei siste vekene har vore eit tema blant elevane.

Foto: Frdrik Johan Helland / NRK

– Eg merkar at elevane er opptekne av det. Vi snakkar om at alle må følge med. Vaktene er også ekstra observante no. Er elevane på utflukt, så er vi ekstra observante.

– Er det redsel for at det skal bli fleire brannar no?

– Det trur eg nok. Med såpass mange brannar på så kort tid, har det dreia seg om at dette må vere påsett, seier Ertesvåg.

– Hugs det du ser på tur

Politiet etterforskar breitt, og vil ikkje seia om dei trur det er påtent eller ikkje.

– Me held på med etterforsking no, og ser alvorleg på det. Det kan få store konsekvensar om det tek skikkeleg fyr, seier lensmann i Sogndal, Inger Lill Lanes.

– Me oppfordrar folk til å melda frå om dei har sett noko, og at dei «har auga med seg» på tur og hugsar det dei ser.