Hopp til innhold

Fann furutre med store hakk: – Mistenkjer uvitande turfolk med hengekøye

Midt inne i skogen fann turgåaren fleire furutre med store hakk, og restane av eit bål. – Dette er nesten miljøkriminalitet. I verste fall kan dei flotte trea døy, seier friluftsleiar.

Skadar på furutre i Hordnesskogen

STORE HAKK: Turgåaren fann fire tre like ved kvarandre, med same type hakk. Rett ved treet låg restane av eit bål. Ho mistenkjer at nokon har laga sår i stammen for å festa hengekøyer.

Foto: Synnøve Spangelo

Sist sundag var Synnøve Spangelo på tur i den idylliske Hordnesskogen i bydelen Fana i Bergen.

– Først såg eg nokre merkeleg hakk i eit tre. Så kikka eg meg rundt, og såg at det var liknande hakk i fleire andre tre, seier Spangelo.

Mistanken hennar går mot uerfarne turfolk som har overnatta i hengekøye.

Ho kan ikkje forstå at det kan vera andre årsaker til at nokon har laga slike hakk, enn at dei var til å festa hengekøyer.

– Mangel på kunnskap og respekt

– Dette vitnar om lite kunnskap og manglande respekt for korleis ein skal ferdast i naturen, seier Spangelo.

Ho la ut bilete av skadeverket på Facebook, og reaksjonane var sterke:

«Ord er overflødige», er ein av kommentarane. «Er det mulig? Hva skjedde med mantraet sporløs ferdsel», skriv ein annan.

Sjølv håpar ho at folk kan læra seg litt om hengekøyer før dei prøver seg ute i naturen.

– Det er jo veldig unødvendig å gjera noko slikt. Det er berre å sjå videoar på nettet som viser korleis hengekøyer skal festast, seier turgåaren oppgitt.

hengekøye

NY TREND: Dei som sel hengekøyer melder om ein eksplosiv auke i salet dei siste åra. Bilde som dette har blitt stadig oftare å sjå på Instagram og andre sosiale medium.

Foto: Camilla Granum Selmer-Olsen

Enorm auke i bruk av hengekøyer

Hengekøyer har blitt ein stor trend i skog og mark dei siste åra.

– Det har fullstendig tatt av. Vi har hatt ein eksplosjon av sal av hengekøyer, fortalde Stian Moldvær Larsen i friluftsbutikken Fjellsport til NRK i fjor.

Organisasjonen Norsk Friluftsliv, som er ein paraplyorganisasjon for norske friluftsorganisasjonar, har merka godt at hengekøyer er blitt kjempepopulært.

– Vi såg i fjor sommar at veldig mange var ute på tur med hengekøye, seier generalsekretær Bente Lier.

Ho seier at dei aller fleste tek omsyn til naturen når dei ferdast ute, men reagerer kraftig på bildet frå Hordnesskogen i Bergen.

– Dette er frykteleg ugreitt og nesten miljøkriminalitet. I verste fall kan dei flotte trea døy. Dette er nok personar som ikkje har tenkt seg godt nok om, seier ho.

Bente Lier, Norsk friluftsliv

OPPTATT AV KUNNSKAP: Generalsekretær Bente Lier i organisasjonen Norsk Friluftsliv er opptatt av å spreia kunnskap om å ferdast i skog og mark.

Foto: Norsk friluftsliv

Oppfordrar til sporløs ferdsel

Organisasjonen hennar er opptatt av at folk må ferdast i naturen utan å setja spor etter seg.

Dei har ein egen artikkel med tips om sporlaus ferdsel for uerfarne friluftsfolk. Det viktigaste poenget er at naturen skal vera like fin når vi går vidare som då vi kom.

I artikkelen er det blant anna tydelege råd til dei som vil overnatta i hengekøye:

Unngå å hugge i friske trær når du skal sette opp campen. Finn et sted der hengekøya eller teltet kan plasseres uten at du gjør skade på naturen. Det er ikke greit å kappe greiner eller lage hakk i trærne for å feste hengekøyer.

Råd frå Norsk Friluftsliv

Generalsekretær Bente Lier legg til at det ikkje er lurt å bruka tau til å festa hengekøya.

– Eg vil heller ha kjøpt breie transportstropper til å festa hengekøya til treet, seier ho.

Vil ha meir friluftsliv i skulen

Generalsekretæren i Norsk Friluftsliv seier det er eit stort behov for kunnskap om korleis ein skal oppføra seg ute i skog og mark.

– Det er fleire som vil ut i naturen, og det er ikkje alle som lærer av foreldra sine kva som er viktig å vera klar over, seier ho.

Organisasjonen ønskjer difor at kunnskap om friluftsliv skal inn i skulen, slik at alle får ei innføring i skikk og bruk i naturen.

– Elles treng vi informasjonskampanjar og kurs for å auka kunnskapsnivået, seier Lier.

Ho peikar på at det alt finst ein del informasjonstilbod på nettet, og nemner spesielt eit gratis digitalt friluftskurs frå DNT.

Hengekøye

NY OVERNATTINGSFORM: Mange nordmenn har dei siste åra fått oppleva solnedgang frå ei hengekøye ute i skogen.

Foto: NTB Tema