Hopp til innhold

Fann ni daude sauer på gard – trur dei svalt i hel

Politiet og Mattilsynet rykte i går ut til ein gard i Sogn og Fjordane etter fleire bekymringsmeldingar om ein saueflokk.

– Her kom dei til eit dyrehald med sauer i dårleg stand og som ikkje fekk den ernæringa dei skulle ha, seier Inger Helen Stenevik som er politiadvokat hos dyrepolitiet i Vest politidistrikt.

Heile flokken på elleve dyr blei avliva. Politiet mistenkjer at dyra ikkje har fått nok mat og at det har skjedd over tid.

Mattilsynet var også på garden for kort tid sidan. Då fann dei totalt ni kadaver seks av desse vaksne dyr og tre av dei lam. Dei hadde vore døde ei stund.

– Vi mistenkjer at dei har døydd på grunn av svolt, seier Stenevik, og legg til at fleire av dyra no blir obduserte ved Veterinærinstituttet.

Eigarane har opplyst at den opphavlege flokken var på 17 vaksne dyr.

– Vi mistenkjer at ein vesentleg del av flokken har døydd etter kvart, seier Stenevik.

Politiet har oppretta sak og mistenkjer at paret har gjort seg skuldige i grovt brot på dyrevelferdslova.

Paret kan risikere fengsel i tre år dersom dei blir funne skuldige.

Saueflokken er av rasen gammalnorsk sau som kan gå ute heile året der det er forhold til det. Den kan klare seg i område der den får nok næring frå beite, men om det er for lite mat ute, må den fôrast, fortel Stenevik.

Dette mistenkjer politiet at den aktuelle saueflokken ikkje har fått. Dyra fekk heller ikkje nødvendig hjelp og stell heller, peiker politiadvokaten på.