Hopp til innhold

Fann eldgamal skipslast på havbotn

Eit over hundre år gamalt skipslast kan vere avdekka på sjøbotnen i Skatestraumen.

Bruddheller in situ av gråsvart type, om lag 150 x 70 x 2,5 cm store.

Bruddheller in situ av gråsvart type, om lag 150 x 70 x 2,5 cm store.

Foto: Elling Utvik Wammer, Bergens Sjøfartsmuseum

Det til no ukjente skipslastet vart avdekka under marinarkeologiske undersøkingar ved Hornelen og i Ulvsundet.

Steinlaster

Blant skipsdelar som truleg stammar seg frå grunnstøytinga til "M/S Normand Ferking" i oktober i fjor, fann dykkarane ein eller to lastar av stein på ti meters djupne på begge sider av Hornelflua. Lasta består av minimum 30 steinheller. Prøvar er send til geologisk undersøking.

Marinarkeolog ved Sjøfartsmuseet, Arild Marøy Hansen, er spent på kva lasta kjem frå.

Eksempel på helle av grågrøn type in situ, kring 50 x 50 x 1,3 cm store.

Eksempel på helle av grågrøn type in situ, kring 50 x 50 x 1,3 cm store.

Foto: Elling Utvik Wammer, Bergens Sjøfartsmuseum.

Over 100 år gamalt

- Museet har grunn til å tru at lasta er resultat av eit sjøforlis, og at forliset kan vere meir enn 100 år gamalt, seier Marøy Hansen. Han ser ikkje vekk i frå at eventuell utgraving kan avdekke fartøysrestar i sandlommane ved grunna.

Skipslasta vart avdekka i samband med arkeologisk kartlegging av område der Kystverket Vest ynskjer å sprenge vekk grunnar for å betre forholda for skipsfarten.

Trafikken forbi Hornelen går i dag mellom flytestaken og land.

Trafikken forbi Hornelen går i dag mellom flytestaken og land.

Foto: Arild Marøy Hansen, Bergens Sjøfartsmuseum

- Staten sin eigedom

Marøy Hansen meiner at hellelasta bør hevast dokumenterast og hevast før tiltaket vert sett i verk.

- Det bør også gjerast nyare søk, avgrensa til dei sedimentfylte lommane i tiltaksområde for å undersøke om det ligg restar av skip/utstyr med meir som kan bli skada av tiltaket, seier han. Marøy Hansen understrekar at Kulturminnelova sler fast at staten eig og har forvaltingsrett til funna. Eventuelle sportsdykkarar gjer difor best i å la alle registreringar på havbotnen ligge i fred.