Hopp til innhold

Fann «Pink Floyd» dumpa i plastboks

– Å bli sett ut i kulden på denne måten er heilt uakseptabelt, seier styremedlem i Dyrebeskyttelsen Irene Bjorøy Wiig.

kanin
Foto: Irene Bjorøy Wiig

Kaninen var i svært dårleg form etter å ha lege i ein plastboks med berre eit lite luftehol heile dagen.

– Dette er heilt uakseptabelt, seier styremedlem i Dyrebeskyttelsen Irene Bjorøy Wiig. Ein har eit ansvar for dyr ein vel å skaffe seg.

Ei kvinne fann kaninen utanfor ei blokk ved NHH i sjutida måndag morgon. Då ho kom heim frå jobb seinare den dagen stod framleis den 25 cm høge plastboksen på 35x35 cm ute i regnet. Boksen var teipa att og det hadde regna ned i luftholet i boksen, så kaninen var våt.

Kvinna kontakta veterinær som sende ho vidare til Dyrebeskyttelsen sitt hjelpesenter i Jekteviken.

Plasboks

INNESTENGT: Pink Floyd blei funnen i denne plastboksen som er 25 cm høg.

Foto: Irene Bjorøy Wiig

– I svært dårleg form


– Klørne var altfor lange og den hadde flokar under beina. I tillegg hadde den ei merkeleg avføring med raude voksaktige perler.

– Kaninen som høyrer til rasen Dvergvedder syner teikn til å forsvare seg og er redd for hender. Det er vanskeleg å løfte den opp. Så det er tydeleg at den ikkje har fått rett mat eller blitt stelt riktig, fortel Wiig.

LES OGSÅ: Har tatt vare på over 200 kaniner - Østfold

I trygge hender

Irene Bjorøy Wiig

– HEILT UAKSEPTABELT: Irene Bjorøy Wiig saman med Pink Floyd

Foto: Irene Bjorøy Wiig

Dvergvedderen, som har fått namnet Pink Floyd, er no i gode hender hjå fostermor Irene Bjorøy Wiig.

Det var dottera til Wiig som fann på namnet Pink Floyd (favorittane til far i huset), sidan kaninen hadde litt rosafarga pels og rosaraud avføring då den kom til familien.

No er den i mykje betre form og har normal avføring slik kaninar skal ha.

Pink Floyd har fått eige bur og eit eige rom på 30 kvadratmeter som den kan sprette rundt på. Til våren kjem han til å flytte ut i hagen i ei stor innhegning.

Fostermora ser ikkje bort frå at kaninen kjem til å bli hos familien.

LES OGSÅ: Slår alarm om hjemløse dyr - Nordland

Har fått inn mange sjuke dyr i vinter

Wiig fortel at Dyrebeskyttelsen i Bergen har fått inn mange sjuke dyr i vinter. Stort sett er det kattar dei tek i mot sidan dei er offentleg godkjent for desse dyra.

Ho trur ikkje Pink Floyd er dumpa fordi eigaren er reist på vinterferie.

– Kaninen var i så dårleg form då den kom hit, at det ser ut som eigarane ikkje har tykt det har vore særleg stas å ha kanin. Truleg har dei ikkje visst korleis ein tek seg av eit dyr, seier Wiig.

Katt og kanin

EIN TRYGG HEIM: Pink Floyd saman med sin nye sambuar.

Foto: Irene Bjorøy Wiig