Hopp til innhold

Fann arkeologisk skatt i ukjend hole

Under arbeidet med å ruste opp "Kongevegen over Filefjell", nærast snubla prosjektleiaren over eit sensasjonelt funn. I ei hole låg fullt brukande verktøy som truleg er over 200 år gamalt.

Under arbeidet med å ruste opp "Kongevegen over Filefjell", nærast snubla prosjektleiaren over eit sensasjonelt funn.

FANN ELDGAMAL REISKAP: Under arbeidet med å ruste opp "Kongevegen over Filefjell", nærast snubla prosjektleiaren over eit sensasjonelt funn.

Vegen, som vart bygd på 1700-talet, blir no rusta opp att ved hjelp av handemakt for å få den så historisk korrekt som mogleg. Ein dag oppdaga prosjektleiar Jan Adriansen noko han aldri før har sett:

– Vi har gått rundt og leita etter slike ting, og det gjer vi ofte på slike stader. Som oftast finn vi ingenting, men når vi først finn noko som passar inn i historia, så er det ei fantastisk kjensle. Då stig pulsen, seier Adriansen.

Fann ukjend hole i fjellet

Han gjekk og trakka i utkanten av Kongevegen, ved Vinhella i Lærdal. I ei røys oppdaga han eit hol, og kraup inn.

– Dette er ein typisk stad der arbeidarane kunne overnatte. Det er litt mykje stein på bakken, og gjerne ikkje så hyggeleg. Men dei hadde nok plankar og ulikt for å gjere det litt meir komfortabelt.

For røysa skjulte ei hole, stor nok til å stå oppreist. Adriansen trur at nokon av dei som arbeidde med å lage vegen over Filefjell på 1700-talet har brukt hola til å sove i. Vegen vart bygd på ordre frå kongen, og var den første køyrevegen mellom Aust- og Vestlandet. Alt vart gjort for hand - og inne i grotta skjulte det seg fleire skattar.

Jan Adriansen, Prosjektleiar Kongevegen over Filefjell

FLOTT FUNN: Jan Adriansen er prosjektleiar for opprustinga av den gamle kongevegen.

Foto: Borgar Sagbakken / NRK

Typisk verktøy for den tida

– Rett innforbi inngangen fann vi denne, og det ligg faktisk to slike der inne. Dette er ein steinhammar som er eit typisk verktøy som blei brukt under vegbygging og anna steinarbeid. Den forrige som tok på denne jobba på kongevegen slik eg gjer. Dei kunne anten slå rett ned på steinen, eller slå oppå, for å kløyve eller tilpasse steinen til vegen.

No blir det brukt 15 millionar kroner for å stogge forfallet på Kongevegen. Med seg på notidas arbeidslag har ein hyra inn sherpaer frå Nepal. Dei har fått opplæring i gamal muringsteknikk og gjer også alt arbeidet utan maskinhjelp. Dei trur verktyet vart skjult i hôla for at det skulle vere trygt.

Fullt brukande reiskap

– Det er vel stor sjanse for at det har skjedd noko, slik at han som la det att her inne ikkje har hatt moglegheit til å kome og hente det etterpå. For steinarbeidarar så var dette ein liten skatt. Dette er fullt brukande reiskap som dei måtte ha med seg.

No skal den eldgamle reiskapen undersøkast nærare, for dette er noko som er vel verd å ta vare på for ettertida. No ventar Adriansen på fleire svar om det spennande funnet.

– Vi er ikkje heilt sikker på kor gamal den er, fordi vi akkurat har funne den. Sannsynlegvis er den frå 1790-talet, eller frå 1840-talet då dei gjorde ei stor utbetring. Du kjem ikkje så mykje nærare historia.