Lensmann i Førde og Naustdal, Kjell Fonn, tykkjer at episoden som fann stad ved lensmannskontoret for tre veker sidan er pinleg. Ein 33 år gamal mann vart plassert på glattcelle etter eit tjuveri. Men vaktaren gløymde å låse celledøra.
Stal pengar og mobil
Den innsette spaserte utan problem ut av cella si og stal mellom anna pengar og ein mobiltelefon frå lensmannskontoret, før han gjekk tilbake på cella si. Til Bergens Tidende fortel mannen at han kunne ha forsynt seg med narkotika og lese i dokument. Men Fonn meiner ikkje at rutinene ved lensmannskontoret er for dårlege.
- Rutinene er gode, men i dette tilfellet har det dessverre skjedd ein glipp, seier Fonn.
I Bergen Fengsel
33-åringen har no fått merke at ein får svi for å tulle med politiet. Han sit no i Bergen Fengsel - truleg bak låste dører...