Hopp til innhold

– Hadde eg ikkje hatt dette på film, hadde ingen trudd meg

Martin Gilleshammer (28) fanga sjeldant ørneangrep på video: To kongeørner som målretta samarbeider om å angripe ein hjelpelaus hjortekalv.

Mobilfilm av to ørner som angrip ein hjortekalv

SAMARBEID: For å spare krefter samarbeider dei to ørnene i jakta på hjortekalven.

– Hadde eg ikkje hatt dette på film, hadde ingen trudd meg, seier Martin Gilleshammer.

28-åringen var på jakt for to veker sidan i Kjølsdalen i Nordfjord, då han kika etter hjort.

Plutseleg såg han ein hjortekalv som sprang i ring. Like etter såg han ikkje ei men to ørner som målretta gjekk til angrep.

Han hadde med seg kamera i bilen og fanga eit drama som særs sjeldan har blitt festa på film.

Videoen er teken på ganske lang avstand, men viser likevel korleis kongeørnene samarbeider for å jage byttet.

Angrepa skjer vekselvis. Når den eine ørna forsøker å stikke byttet med dei lange klørne, går den andre ørna opp i høgda for å få oversikt over situasjonen.

– Det er fascinerande å sjå korleis ørnene jobbar i lag, men også at dei går etter så store dyr, seier Gilleshammer.

Martin Gilleshammer

ALDRI SETT FØR: Martin Gilleshammer hadde med seg kamera og fekk filma dei to ørnene som gjekk til angrep på ein hjortekalv.

Foto: Privat

Men han veit enno ikkje korleis dramaet enda. Etter at kalven vart jaga opp i ei steinur, såg han ikkje kva som skjedde vidare.

– Ørnene drog til området fire gongar, før dei drog høgt opp i lufta. Om dei klarte å ta han eller om dei gav opp, det veit eg ikkje.

Kan gå etter store dyr

Ornitolog og kongeørnekspert Alv Ottar Folkestad ser på videoen med stor interesse.

– Det er ytst sjeldan at ein får moglegheit til å dokumentere det på den måten der. Dette er utvilsamt eit ørnepar, seier han.

Ofte er det fuglen som flyg høgast som klarer å slå ut dyret.

– Dersom ørna på nært hald ikkje får opp farta, kan ørna som ligg over utnytte tyngdekrafta til å slå ut bytet. Det handlar om energiøkonomisering. Mest mogleg effekt ut av minst mogleg energi, seier Folkestad.

Det er dokumentert at hjort på over 50 kilo er blitt angripen og avliva av kongeørn.

Tidlegare i år uttalte reineigarar at kongeørn er eit stort problem, særleg under kalving.

Unngå farar

Det er særs sjeldan at ørn går til angrep på menneske, men det er visse situasjonar som kan skape forvirring, seier Folkestad.

Han seier strikkelue med dusk, skinnlue eller lue med skinnkantar kan føre til at ørna trur du er eit bytte. For eksempel ein jeger på post, der ørna berre ser toppen av lua.

Skinnlua til torstein Larsen

ANGREPSMÅL: Luer som dette kan skape forvirring for ørna og føre til at den angrip.

Foto: Privat

– Eg anbefaler ingen å få ei kongeørn i hovudet.

Men også små hundar kan vere utsette for angrep. Går ein på fjelltur i ope terreng, i eit område med ørn, bør eigaren vere på vakt.

– Det er eit faktum at små, kvite bichon frise-hundar er ein favoritt blant dei hundane som blir tekne av kongeørn. Men alle hundar under tre til fem kilo er i risikosona dersom dei går fritt på fjellet, spesielt dersom det er snø.

Bruk band, oppmodar han.

Har opplevd ørneangrep

Tilsette ved Norsk Hjortesenter på Svanøy, som driv med hjorteoppdrett, har opplevd at ein hjortekalv vart drepen av ørn - ein gong.

Ein annan gong klarte dei også å ta eit bilete av ørna idet den søker eit bytte.

Kongeørn på veg inn til Norsk Hjortesenter

PÅ JAKT: Dette biletet vart teke då ei ørn kom mot Norsk Hjortesenter på Svanøy. Ingen hjortekalv vart teken ved dette angrepet.

Foto: Johan Trygve Solheim / Norsk Hjortesenter

– Som du ser av biletet bryr ikkje dei vaksne hjortane seg mykje om at ørna er tett på. Er hjortekalven i nærleiken av kolla, tvilar eg på om ørna vil angripe, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

– Den hjortekalven eg veit ørna har drepe her hos oss var skilt frå kolla. Det trur eg også kan vere årsaka til at ørnene jagar kalven i videoen.

BILETSERIE: Ørnerovet på Leka: – Framleis har eg kjolen som ørna sette klørne sine i for 75 år sidan, fortel Svanhild Hartvigsen til Norgesglasset.