Hopp til innhold

Sjeldan komet synte seg over Eid

Den sjeldne kometen Pan-Starrs vart fanga i linsa over Haugen i Eid kommune i går. Den karakteristiske halen på kometen er godt synleg!

Panstarrs

SJELDAN KOMET: Pan-Starrs er ein sjeldan komet som er venta å komme på vitjing att om 110 000 år!

Foto: Tryggve Dyrvik

Pan-Starrs er ein av tre kometar som vil vere synlege i år utan kikkert. Kometen er synleg på kveldshimmelen etter solnedgang i mars månad og litt ut i april månad. Deretter forsvinn den frå himmelen og går ut i iskulden og mørket.

Trygge Dyrvik er til dagleg lærar ved kulturskulen i Eid, men på fritida interesserer han seg stort for astronomi. Han var så heldig at han fekk fanga kometen på kamera.

– Dette er ein komet som vi berre kan sjå ein gong i livet, og kanskje menneska aldri kjem til å sjå den igjen. Eg samlar no litt på slike glimt, så det har no blitt nokre opplevingar. Eg har fått med meg både Venus-passasjen, Merkur-passasjen og formørkingar og diverse dei siste femten åra. Dette er klart spennande og det er kjekt å få fotografert det, fortel Dyrvik.

Kravde litt leiting

Som den entusiasten har er var han sjølvsagt klar over at kometen ville vise seg, men han visste ikkje kvar, eller kor lyssterk den var. Dermed vart det ein del leiting før han fann den.

– Første gong eg var ute og kikka etter den brukte eg ein time og vel så det før eg fann den, for eg måtte vente til sola gjekk ned. Men då eg fann den med ein kikkert hadde eg retninga og kunne fotografere litt på lykke og fromme, og på filmen kom den lettare fram, seier Dyrvik.

Kometen kjem frå dei yttarste delane av solsystemet, Oorts sky, og har aldri før besøkt dei indre delane av Solsystemet, ifølgje astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard.

– Kometen består av materiale frå den gongen solsystemet vart til. Dette er sjølve urstoffet som kjem og besøkjer oss, seier Røed Ødegaard til NRK Nordland.

Sjølve kjernen av kometen er ikkje meir enn nokre kilometer stor, men halden kan vere mange kilometer lang. Hadde det vore heilt mørkt ville halen vore meir synleg.

Synleg lenger nord

Pan-Starrs har også vore synleg lenger nord. Ein fotograf tok bilete av kometen over Andøya i går utan å vite det.

– Det er estimert at den først kjem tilbake om minst 110 000 år, seier Røed Ødegård.

Dyrvik har allereie begynt å gle seg til neste store hending innan astronomien. Allereie til hausten ventar han å sjå ein ny komet på himmelen.

– Den kan bli endå meir lyssterk og prangande på himmelen enn den her. Det er tilfeldig at det kjem to så flotte kometar på same året.