Hopp til innhold

Blått lys for den siste familieturen på Jostedalsbreen

– Blir det vanskelegare no, så må vi vurdere å avlyse familieturen resten av sesongen, seier Steinar Bruheim i Jostedalen breførarlag.

Steinar Bruheim

TRYGGLEIK: – Tryggleiken til dei som deltek på turane kjem alltid først og vi håpar på vestlandssommar resten av sesongen, seier Steinar Bruheim i Jostedalen Breførarlag.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Sidan slutten av 1960-talet har familieturane på Nigardsbreen gitt folk flest nærkontakt med ein av dei største breane i fastlands-Europa, Jostedalsbreen.

Men somrane har tære så kraftig på breen at den einaste familieturen på Norges største bre står i fare. Fronten er bratt, stega høge og breførarlaget har allereie måtte endre ruta fleire gonger i sommar.

– Dei andre blåisturane går som normalt, men vi har skjerpa krava for familieturen. Førebels har vi heva aldersgrensa frå seks til åtte år, seier Steinar Bruheim.

120 meter på to år

Breførarlaget stod føre same problem i fjor. Då klarte dei å fullføre sesongen. Det håpar Bruheim at dei også skal gjere i år, men utfordringa med å leggje til rette trygge ruter aukar i takt med bresmeltinga.

– Høge temperaturar og sterk issmelting gir større rørsle og fleire sprekkjer. Breen endrar seg heile tida. Det er generelt vanskelegare forhold, seier Bruheim.

Linjene viser hvor mye Nigardsbreen har trukket seg tilbake det siste tiåret.

SMELTAR: Nigardsbreen har smelta kring 450 meter sidan 2003. Biletet er frå 2017 og viser brefrontar frå 2006, 2009 og 2013.

Foto: NVE

I fjor smelta breen 50 meter. Året før 70 meter. Utviklinga er ikkje unik. I fjor minka 21 av 31 norske brear. I verste fall kan breane vere vekke om 100 år .

I juni var breførarlaget i Jostedalen usikre på om dei kunne tilby familieturar. Til no har dei endra ruta fleire gonger.

– Nigardsbreen har trekt seg mykje tilbake og blir brattare i front. Det er høge steg opp og ned for å komme inn på bretunga, seier han.

Lang tradisjon

Den kring tre timar lange turen har lange tradisjonar. I nær 50 år har lågterskeltilbodet årleg gjeve tusenvis av born og vaksne nærkontakt med ein av Jostedalsbreen sine 50 armar. Turistar har kome rett frå cruiseskip til blåisen.

Ved Breheimsenterer fryktar dagleg leiar Trygve Snøtun for familieturen.

– Turen er utgangspunktet for senteret og har alltid trekt mykje folk. Av alle aktivitetane i Jostedalen, så er dette det store trekkplasteret. Vi vil nok merke svikt i besøkstalet, både på familiar og grupper, om vi misser tilbodet, seier han.

Nigardsbreen

POPULÆRT: Årleg kjem tusenvis av turistar frå heile verda for å gå på Nigardsbreen. Berre familieturane har opp mot 5000 besøkande kvart år.

Foto: Christopher Michel / Flickr/(CC BY-NC 2.0)

Uviss framtid

Bruheim kan vanskeleg spå framtida til lågterskeltilbodet, men håpar dei ikkje lir same skjebne som Briksdalsbreen i 2006. Då vart det slutt på dei guida familieturane der.

For i tillegg til bresmeltinga, avheng turane av terrenget under og rundt breen. Men så lenge vinteren ikkje kompenserer for ein lang smeltesesong, ser det dystert ut.

I vinter kom det berre 70 prosent av normal snømengd på toppen.

– Det lovar ikkje bra for korleis breane vil sjå ut tida framover. Nigardsbreen har lang reaksjonstid, så det går nokre år før vi ser resultat av eit eventuelt snøoverskot, seier han.