Hopp til innhold

Krev tilbake kunstgåve


For 19 år sidan fekk Stryn kommune 52 måleri av kunstnaren Ansgar Leiten. No krev familien gåva tilbake.

Bilete av Ansgar Leiten

Foto: Anne-Mari Tomasgard

I 1991, same år som Stryn kommune mottok kunstgåva, opna dei Galleri Leiten. Stryn kommune skal no slå saman Leiten sine bilete med ein annan kunstnar, og familien ønskjer difor Leiten sine bilete tilbake.

Går utanom avtalen

Familien ønskjer å avvikle galleriet i Stryn fordi dei meiner intensjonen med galleriet no fell vekk.


Galleri Leiten har holdt til i Stryn kulturhus i 19 år, men no slår dei saman Leiten sine kunstverk med bilete av Kaare Sunde. Ei samling bilete kommunen fekk i gåve for 3 år sidan.

– Dette er ikkje noko stor sak. Vi synest det var ei passeleg tid no, seier sonen Gerhard Leiten til Sunnmørsposten.

Han meiner at når kommunen vil slå saman to samlingar er det å gå utanom avtalen far hans gjorde med kommunen.

– At galleriet blir mindre, var ikkje i hans ånd, seier Gerhard Leiten, som ikkje er i tvil om at faren ville støtta avgjerda om han hadde levd.


Lite ressursar i kommunen

– Dette er leit. Vi må godta at familien ønskjer bilda tilbake, men trur det ville blitt eit bra galleri der dei beste av begge desse kunstnarane ville blitt plassert, seier Myrtel Janne Thomassen som handsamar saka for Stryn kommune.


Ho vedgår at lite ressursar til å utvikle og prioritere arbeidet eit galleri krev, har gitt utslag i låge besøkstal siste åra. No ønskte kommunen å revitalisere galleriet for å gjere det meir tilgjengeleg for publikum og auke interessa.


Ønskte bileta til Vanylven

Kunstinteresserte må no reise over fylkesgrensa for å sjå bileta til Leiten. Familien håpar å få plassert bileta i eit galleri i Syvde.


– I første omgang blir bilda returnert til mor mi, Elna Leiten, i Vanylven. Så får vi diskutere kva som skal skje, seier Gerhard Leiten.


– Far var sterkt knytt til Stryn, men han ønskte i utgangspunktet at bileta skulle vere i Vanylven, sluttar Leiten.