Hopp til innhold

Familien flytta heim då rassikringa var eit faktum

600 millionar kroner er kva det kostar å trygge bygda Flo på Vestlandet. I resten av landet trengst det hundre gongar meir.

Familie på Flo i Stryn

NY TID: – Vi ser fram til den nye tida på Flo med ny tunnel, seier Ole Christian Flo. Her saman med sonen Edvin og sambuaren Ida Døving Olsen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det blir hundre kilo som dett av skuldrene, seier Ole Christian Flo.

Han er vaksen opp i bygda Flo i Stryn.

Her har bygdefolket levd med uvissa som følgjer med ein rasfarleg veg i alle år.

Men dette er siste vinteren. Til sommaren opnar ein fire kilometer lang tunnel som gjer vegen tryggare.

Tunnelen har kosta om lag 600 millionar kroner og skal trygge dei 70 innbyggjarane som bur i bygda.

Utan tunnelen hadde ikkje Flo teke med seg sambuaren Ida Døving Olsen og borna Emil og Edvin til heimbygda.

– Då hadde vi bygd hus i Ålesund, og hytte her. Vi hadde ikkje vurdert å flytte hit om vi skulle leve med den vegen, seier Flo.

Flo i Stryn kommune

FLO: Bygda Flo ligg ved Oppstrynsvatnet i Stryn kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Anslår behovet til 70 milliardar

Fleire mindre bygder i Noreg har vegar som treng rassikring til store summar.

Tal frå Statens vegvesen (frå 2019) syner at det er behov for meir enn 70 milliardar kroner for å sikre dei mest rasutsette riks- og fylkesvegane i landet.

– Behovet er enormt og det er størst i Vestland, seier Jenny Følling, som er leiar i Nasjonal Rassikringsgruppe.

– Men elles har fylke heilt frå Rogaland til Finnmark ganske store behov, legg ho til.

Ut frå dagens løyvingar på riks- og fylkesvegnettet må summen tredoblast for å greie å rassikre det behovet som er avdekt i løpet av ein tolvårsperiode, seier Følling.

Ho skulle gjerne sett at fleire rassikringsprosjekt fekk løyvingar.

– Eg trur det betyr enormt for dei som har levd med rasfare.

I Bergens Tidende 3. februar bad fylkesordførar i Vestland, Jon Askeland (Sp), om ei tredobling av løyvingane til sju konkrete rassikringsprosjekt.

For Vestland inneber det ei årleg auke frå 400 millionar til 1,2 milliardar kroner.

Fekk ny tunnel

På fylkesvegen til bygda Veitastrond i Luster kom dei første tunnelane alt på 80-talet. For eit par år tilbake opna den siste tunnelen.

Det har gjort vegen tryggare å ferdast på, fortel Asbjørn Nes i bygdelaget i Veitastrond.

Nes seier bygda har hatt ei positiv utvikling siste åra, med nye driftsbygningar og utbygging av småkraft og fleire barn i barnehagen og i skulen.

For nokre år tilbake var det eitt barn i barnehagen og fire i skulen. I dag er det 13 barn i skulen og 15 i barnehagen.

– Tunnelen har hatt mykje å bety. Det er mange som pendlar. Det hadde vore vanskeleg om vegen var så utrygg som den var for nokre år sidan, seier Nes.

Les også: Samferdsletopp vil ha mindre satsing på motorvegar og intercity-tog

Utsette intercity-utbyggingen.
Utsette intercity-utbyggingen.

Siste vinteren med utrygg veg

Ida Døving Olsen er vaksen opp i Geiranger på Sunnmøre og van med høge fjell også før ho flytta til Flo.

Familie på Flo i Stryn

LEKSETID: Ida Døving Olsen hjelper sonen Emil med leksene etter skuletid. Når vegen er stengt, har han måtta ha heimeskule.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Men ho er glad den rasutsette vegen snart er historie.

– Det har vore ganske skummelt no i vinter. I år har det vore mykje rasfare og ustabilt vêr, fortel ho.