– Eldstedottera på seks snakka allereie flytande norsk. Men regelendringa gjer at eg må vere vekke frå familien i halvanna år, og det kan eg ikkje, seier Andreas Stoklund Riis.
NRK fortalde tidlegare i år om korleis den danske legefamilien i Kragerø braut opp og flytta attende til Danmark på grunn av ein ny regel som seier at danske legar (og legar frå resten av EØS-området) ikkje utan vidare kan «hoppe inn» i den norske spesialistutdanninga.
Kravet har blitt omtala som «formalistisk» og «stivbeint», men Helsedepartementet har ikkje vore å rikke.
I dag fremmer difor Framstegspartiet eit representantforslag til Stortinget for å tvinge helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) til «å vere meir frampå» og gjere noko med «den absurde regelen».
NRK har skrive om effekten av det nye turnuskravet i ein serie artiklar.
– Trongsynt og firkanta
Representantforslaget omtaler LIS1-kravet (sjå faktaboks) som «meiningslaust og håplaust byråkratisk» og inneheld to konkrete krav:
- Stortinget ber regjeringa godkjenne læringsmål i LIS1 basert på oppnådd kompetanse i KBU. Legar utdanna gjennom KBU vil få høve til å søke direkte på LIS2/3 og gjennomføre manglande læringsmål i LIS1 i løpet av spesialistutdanninga.
- Stortinget ber regjeringa automatisk godkjenne nyutdanna legar som har oppnådd Cand.med.-grad i Danmark, som gjer det mogeleg å få autorasisjon etter enda utdanning slik at dei kan søke på LIS1 i Noreg utan å ha gjennomført KBU.
Forslaget er underteikna av fem stortingsrepresentantar frå Frp, medrekna helsepolitisk talsperson Bård Hoksrud som omtaler 2019-regelen som «trongsynt og firkanta».
– Med dagens regelverk skaper byråkratiet legemangel. Sånn kan det ikkje vere, seier han.
Statsråden har ikkje svart innan fristen
Det er venta at representantforslaget får støtte frå fleire parti.
Blant dei som har engasjert seg i saka er Venstre-representant Alfred Bjørlo.
31. januar sende han skriftleg spørsmål til Helseministeren der han ber henne vurdere løysinga som legeforeininga og medisinstudentforeininga har skissert (sjå faktaboks).
Kravet er at statsråden skal gje skriftleg svar innan seks kvardagar.
Åtte kvardagar seinare har Venstre-representanten enno ikkje fått svar.
Til NRK seier Bjørlo at representantforslaget frå Frp «ser ut som eit godt utgangspunkt» og at det «er i tråd med det Venstre også har konkludert med så langt».
Han legg til:
– Men vi er svært interessert i å sjå svaret frå Kjerkhol. Det bør kome i løpet av dagen.
Statssekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap), kommenterte saka slik i januar:
– Vi jobbar systematisk med korleis vi kan forbetre fastlegeordninga, men vi kan ikkje løyse det ved å lempe på kvaliteten til spesialistutdanninga.
– Eit symptom på grå ideologi
Det er i tillegg venta at SV vil støtte forslaget. Det same vil KrF og MDG.
– Det er et godt og viktig forslag Frp, seier Kristoffer Robin Haug, som er helsepolitisk talsperson for MDG.
Han legg til:
– At fullt kvalifiserte legar vert kasta ut av landet på grunn av stivbeint regelverk er eit av mange symptom på at helsepolitikken i Noreg vert styrt av grå ideologi framfor tillit til dei som utøver yrket sitt.
KrF-leiar Olaug Bollestad er medlem i helsekomiteen og utdanna intensivsjukepleiar. Ho seier til NRK at ho støtter forslaget frå Frp.
– Dette er viktig for å kunne behalde dei som alt er her og har etablert seg, men også for rekruttering, seier ho.
Helsepolitisk talsperson i Høgre, Tone Wilhelmsen Trøen, er meir avventande:
– Vi følger saka nøye og vil ta endeleg stilling til dette når eit eventuelt representantforslag er til behandling i Stortinget. I ein slik behandling vil alle sider ved saka bli belyst, seier ho.
Helse- og omsorgsdepartementet seier til NRK at dei vil svare på spørsmåla frå stortingsrepresentantane før dei svarar NRK.