Familien med dotter på 11 år fekk ikkje vita at leigetakaren var serieovergripar

Fengselet fortalde ikkje at mannen på prøvelauslating var dømt for 58 overgrep og vurdert som pedofil med stor gjentakingsfare. I staden blei familien meld til barnevernet.

Famile huset forvaringsdømt serieovergriper

FORTVILA: Ekteparet blei ikkje underretta av Kriminalomsorga om omfanget av misbruket av unge jenter som den nye leigebuaren var dømt. Sjølv har dei ei dotter som var 11 år då leigebuaren flytta inn.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Eg veit ikkje kva eg hadde gjort dersom dottera vår hadde blitt utsett for noko. Eg hadde aldri kunna tilgitt meg sjølv, seier kvinna.

NRK møter ho og mannen på tunet utanfor huset i Bergen kommune. I kjellarleilegheita bak dei er det mørkt. Han som budde her i nesten tre år blei arrestert i vår.

I løpet av dei åra blei mannen i 30-åra nærast som ein del av familien til dei han leigde av.

Han deltok i bursdagsfestar og feira jul i lag med dei. I nærmiljøet var han delaktig i idrett og fritidsaktivitetar, og henta jenta i huset på trening eller hjå vener.

Familien hadde fått anbefalt mannen som leigetakar frå ein ven av dei. Ein trygg betalar og ein god leigetakar, blei mannen skildra som.

Men mannen hadde med seg ein straffehistorikk.

38 mindreårige jenter

I 2010 blei han dømt til 9 års forvaring for misbruk av 38 mindreårige jenter. I Stavanger tingrett tilstod mannen alt han var tiltalt for, totalt 58 seksuelle overgrep.

I lagmannsretten, som stadfesta dommen, slo rettssakskunnige fast at mannen er pedofil og gjentakingsfaren er stor.

Dette var ikkje ekteparet i Bergen klar over.

Då mannen flytta inn sommaren 2017 var dottera i huset elleve år. Då hadde mannen nyleg kome ut på prøve frå forvaringsdommen.

Då plikta Kriminalomsorga å opplyse utleigarar om kva for paragrafar han hadde brote, at han var under Kriminalomsorga si oppfølging, og at han var forvaringsdømt.

Utover det var det opp til leigetakaren å fortelje om bakgrunnen.

Det gjorde han ikkje, seier familien.

Han forklarte at han som 18-åring hadde hatt eit kjærleiksforhold til ei som var mindreårig, fortel ektemannen.

– Stilte du spørsmål ved forklaringa hans?

– Eg spurte om det var fare for gjentaking. Det var det ikkje, forsikra han, seier mannen.

– Sjekka du lovparagrafane og gjekk nøyare inn i kva han faktisk var dømt for?

– Nei. Det ser eg i dag at eg kanskje burde ha gjort, medgir mannen til NRK.

Kriminalomsorga seier at dei ikkje har brote eigne retningslinjer, men har forståing for situasjonen til ekteparet.

Leiekontrakt Kriminalomsorgen

PLIKT: Forvaringsdømte er pålagt å informera privat utleigar om kva for dom som ligg bak. Kriminalomsorga skreiv at han var dømt for seksuell omgang med mindreårige, men ikkje noko om omfanget.

Foto: Skjermdump

Kontakta av barnevernet

I april stod brått sivilt politi i hagen til ekteparet. Leigetakaren blei sikta for fysiske overgrep mot barn, mellom anna seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.

Sidan har han sete i varetekt.

Politiet tok telefonavhøyr av ekteparet, som begge svarte ja då politiet spurde om dei visste at mannen var tidlegare forvaringsdømt.

Så høyrde dei ikkje meir.

Men i september ringde telefonen til kona. Det var barnevernet i andre enden.

Dei informerte om at politiet hadde send dei ei bekymringsmelding om familien.

Politiet meinte at leigetakaren kunne utgjera ein fare for dottera deira.

Dei la til grunn at familien kjende alle forhold leigebuaren var dømt for, og var uroa for at foreldra hadde tatt for lett på alvoret i situasjonen.

Politiet var også bekymra for at familien gav uttrykk for at dei ønskte leigetakaren velkomen tilbake etter varetekt. Familien antok først at bakgrunnen for pågripinga var ei misforståing.

I det første møtet med barnevernet bad familien om kopi av bekymringsmeldinga frå politiet.

Der var her dei for første gong fekk opplysingar om kva den mangeårige leigetakaren hadde blitt dømt for.

Om dei 58 overgrepa mot dei 38 jentene. Og at han no på ny var sikta for liknande brotsverk.

– Det var eit sjokk, seier kvinna.

Familie huset forvaringsdømt serieovergriper, ble meldt til barnevernet av politiet

ANONYME: Ekteparet har bede om å vera anonyme av omsyn til den no 14 år gamle jenta. Her står dei utanfor kjellarleilegheita som den overgrepsdømte mannen budde i.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

– Det står ein jentesykkel utanfor

I brevet den straffedømte viste til familien for tre år sidan, står det at han er under oppfølging av Kriminalomsorga. Likevel hadde han ingen med seg då han kom på visning i huset.

Behandlinga frå Kriminalomsorga skakar familien.

– Eg er mest opptatt av kva Kriminalomsorga har utsett familien vår for, seier mannen.

– Dei kunne reist opp her og sett at det står ein jentesykkel utanfor. Så kunne dei tatt ei avgjerd om at dette kanskje ikkje var rett plass.

Ingunn Seim er fungerande assisterande direktør for straffegjennomføring i region Vest i Kriminalomsorga.

Ho synest det er leit kva familien har opplevd.

– Vi er veldig lei for at huseigar ikkje har opplevd den tryggleiken som Kriminalomsorga skal forsøke å legge til rette for.

Dei har undersøkt saka inngåande. Ho fortel at dagens retningslinjer krev at Kriminalomsorgen presenterer for huseigar kva dom leigetakaren har, slik dei gjorde med brevet med paragrafane som familien fekk.

Derfor har dei ikkje brote nokon retningslinjer. Likevel tar Kriminalomsorgen lærdom av saka.

– Vi kan ikkje gå i detaljar på dommen, men vi ser at vi kan vere meir tydeleg på kva ein forvaringsdom er. Det er kanskje ikkje gitt at alle veit alvoret som ligg bak det. Det tar vi med oss vidare, seier Seim.

– Vil de prøve å unngå at seksualforbrytar med forvaringsdom bur på private bustadar der det bur mindreårige?

– Hovudregelen er at ein ikkje skal bruke private bustadar, men kommunale.

– Kva undersøkingar gjer de om barn i private heimar i desse type saker?

– Det er mange vilkår som er sett for prøvelauslating av forvaringsdømte. Vi har med informasjon om straffehistorikk og dom, og alltid i desse sakene er det uttaler frå sakkunnige. Vi har og samarbeid med politi om å kartlegge området. Om det bur barn i huset kan vere eit viktig moment i slike vurderingar, men generelt er det ikkje ekskluderande.

– Kva betraktningar har du kring denne saka? Er det uproblematisk?

– Det er aldri uproblematisk når huseigar har hatt den opplevinga som dei har hatt. Men vurderinga er at det har vore innanfor retningslinjene, men det betyr ikkje at vi ikkje skal sjå nærmare på dei konkrete rutinane for sakshandsaming. Her i Noreg er det heldigvis slik at det er lagt opp til ein tilbakeføring til samfunnet for dømte. Å busette folk er ein viktig og utfordrande oppgåve i dette arbeidet.

Olav Valland

– INGEN FEIL: Visepolitimeister Olav Valland i Vest politidistrikt seier at dei ikkje har gjort nokon konkrete feil i saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Klaga på politiet

Det er ingenting i politiet si etterforsking som tyder på at dottera deira har vore utsett for noko. Ho var elleve år då mannen flytta inn i kjellaren, og 14 då han blei gripen.

Familien har klaga til politiet, mellom anna på grunn av bekymringsmeldinga dei sende til barnevernet.

Dei meiner at politiet burde gjort meir for å nøsta opp i om familien faktisk visste kva leigetakaren var dømt for.

Klagen nådde ikkje fram. Visepolitimeister i Vest politidistrikt, Olav Valland, konkluderer med at det ikkje er noko grunn til å kritisera at det blei send bekymringsmelding til barnevernet.

– Sjølv om dette er ei krevjande sak, har vi kome til at det ikkje er gjort nokon konkrete feil frå politiet, seier visepolitimeister i Vest politidistrikt, Olav Valland.

Han viser til at familien hadde kunnskap om kva leigetakaren var dømt for, og at dei hadde let dottera vore åleine saman med leigebuaren i kjellarleilegheita. Dette meiner familien ikkje er sant.

– Viktig at det ikkje skjer andre

Valland seier han ikkje kan svara på om politiet faktisk undersøkte om familien kjente bakgrunnen til den forvaringsdømte mannen.

– Vi har fått ei oppfatning om at foreldra ikkje var tilstrekkeleg merksam på eller bekymra for bakgrunnen til den leigebuaren, seier han.

Den haldninga forstår ikkje familien.

– Eg tenkjer at det er faktisk litt absurd. Det er ingen normale foreldre som utset ungane sine for noko sånn som dette, med vitende og vilje, seier mora.

No vil familien likevel legge saka bak seg. Dei fortel si historie for å unngå at andre skal hamne i ei liknande situasjon

– Vi vil berre legge ho bak oss, men det er veldig viktig at det ikkje skjer for andre, seier mannen.