Familien på tre kom til Norge i 2003. Dei har funne seg godt til rette i Aurland. Dei har søkt om asyl, men fått avslag. Til grunn for avslaget ligg eit avhøyr med dei to mindreårige jentene i familien - eit avhøyr der mor ikkje fekk vere tilstades.
På sjukehus
Avslaget på opphaldsløyve, og det som har skjedd rundt avslaget har ført til at mora i familien har fått store psykiske problem, og ho er no innlagt på psykiatrisk sjukehus. Advokat Vinje meiner dei har gode kort på handa når dei ein gong etter årskiftet møter Staten i Oslo tingrett.