Hopp til innhold

Familiefar mishandla og truga med å sette fyr på kona – dømd til tre år i fengsel

Ein mann i 40-åra frå Sogn og Fjordane er dømd til fengsel i tre år. Mannen er i tingretten funnen skuldig i å ha mishandla kona både fysisk og psykisk over 20 år.

I retten fortalde kona at ho i 20 år hadde levd med slag, spark, psykisk terror og verbale trugsmål. Ved fleire høve skal borna deira også ha vore vitne til valden og trugsmåla.

Då saka var oppe for retten tidlegare denne månaden nekta mannen i 40-åra straffskuld.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med mannen sin forsvarar utan hell og den dømde mannen har to vekers ankefrist.

Truga med å sette fyr på ho

Ved eit høve skal ektemannen ha bunde ho på hender og føter og halde ei pute over ansiktet slik at ho fekk pustevanskar. Deretter skal han helt parafin over ho og truga med å setje fyr.

I dommen skriv retten at den tiltalte vedgår vald der det ligg føre andre bevis, men at han elles avviser påstandane og legg ansvaret på den fornærma.

Difor festar dei meir tillit til den fornærma si forklaring, og meiner den tiltalte si forklaring om at valden har vore gjensidig kan utelukkast.

Overvaka mobilen og sette opp skjult kamera

Mannen er dømd for fysisk vald som slag, lugging og kasting av gjenstandar på kona. Han skal også ha sett opp eit skjult kamera for å overvaka kona som han trudde var utru. Han skaffa seg også eit tvilling-SIM på hennar telefon for å overvaka tekstmeldingar ho fekk.

Rettssaka gjekk for lukka dører i Sogn og Fjordane tingrett og det var totalt 19 vitne inne.

Mannen nekta straffskuld, men retten meinte å finne det bevist at kona levde i eit regime prega av kontinuerleg tryggleik og frykt for vald.

Til frådrag i fengselsstraffa på tre år kjem 32 dagar varetekt. Mannen må også betale kvinna 160.000 kroner i erstatning.