Hopp til innhold

Familie med erstatningskrav mot Samnanger kommune etter barnevernsstrid

Edvin Bolstad og tre av barna fekk oppreising etter at familien blei splitta på 2000-talet. No krev dei meir erstatning. – Saka manglar sidestykke i norsk rettshistorie, meiner advokaten.

Stian Bolstad Kviteberg, Edvin Bolstad og Aleksander Bolstad

MISNØGDE: F.v. Stian Bolstad Kviteberg, Edvin Bolstad og Aleksander Bolstad tilbake i Samnanger der familien blei splitta på 2000-talet.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

I 2005 snudde barnevernet livet opp ned for familien i den vesle kommunen Samnanger aust for Bergen.

Etter å ha fått oppfølging og økonomisk hjelp til å bygga hus i kommunen, mista Edvin Bolstad til slutt omsorga for tre av dei fire barna sine.

Men ein knusande granskingsrapport sår tvil om omsorgsovertakinga.

Granskinga konkluderte med at barndomen til den yngste jenta er fullstendig øydelagd. Ho var 7 år då ho blei henta frå familien.

I dag bur jenta på institusjon.

I fjor fekk Bolstad 100.000 og dei to sønene 150.000 kroner i oppreising. Den yngste dottera blei tilkjend 300.000 kroner.

No førebur dei fire eit samla erstatningskrav i millionklassen.

– Oppreisinga står ikkje i stil

«Arbeidet [med å forberede erstatningskrav] er omfattende og tidkrevende, særleg fordi saken mangler sidestykke i norsk rettshistorie.»

Det skriv advokat Endre Rutledal i ein e-post til Samnanger kommune, som nyleg blei gjort offentleg.

I over eit år har advokaten jobba med det som truleg vert eit millionkrav mot Samnanger kommune.

Rutledal representerer Edvin Bolstad og tre av barna hans.

Advokaten kontakta kommunen for første gong 10. oktober i fjor.

– Me har heile vegen gjort det klart at det beløpet (oppreisingssummen, journ. anm.) kommunen kom med i fjor, ikkje er eit beløp me meiner står i stil til det familien blei utsett for, seier Rutledal til NRK.

Samnanger-ordfører Knut Harald Frøland

SEIER NEI: Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland vil ikkje forlenge fristane for å søke om erstatning.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Politikarane seier nei

21. august sende advokat Rutledal eit brev til administrasjonen. Der ber han kommunen suspendera foreldingsfristane som måtte løpa.

Bakgrunnen er å unngå å hamna i ein situasjon der Samnanger kommune vel å trekkja seg frå eventuelle forhandlingar om eit forlik, ved å visa til at sakene er forelda, fortel han.

Ifølge foreldingslova er den alminnelege foreldingsfristen på 3 år. For erstatning kan fristen vera heile 20 år.

«Forventningen herfra er at man i løpet av de nærmeste månedene er klar til å fremme et krav, som vil kunne danne grunnlag for et møte mellom partene som tidligere skissert», heiter det i brevet frå Rutledal.

Men i formannskapet 15. oktober blei førespurnaden avslått utan diskusjon.

– Samnanger kommune suspenderer ikkje fristane. Vedtaket i formannskapet var samrøystes, opplyser ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista).

Han ønskjer ikkje kommentere saka ytterlegare før saka skal opp i kommunestyret 28. oktober.

Stian Kviteberg og Aleksander Bolstad i Samnanger

KREV MEIR PENGAR: Stian Kviteberg og Aleksander Bolstad ønskjer meir i erstatning.

– Oppreising, ikkje erstatning

I brevet legg advokaten til grunn at Samnanger kommune har erkjent erstatningsansvar ved å tilkjenna Edvin Bolstad og barna oppreising.

– I denne saka har kommunen sjølv teke initiativ til å rettsleg forfølgja dei ansvarlege. Det bør ikkje bli snakk om ei erstatningssak der den skadelidne må forsøka å bevisa at det har skjedd ein urett. Det har kommunen vedgått sjølv, seier Rutledal til NRK.

Men akkurat her ser det ut til å at oppfatninga deler seg.

Då Samnanger kommune utbetalte oppreising til 12 involverte i dei tre barnevernssakene, poengterte Samnanger-ordførar Knut Harald Frøland (Bygdalista) at det ikkje var snakk om eit erstatningsoppgjer.

– Pengar me gir i oppreising strekk ikkje til med tanke på ei erstatning, sa Frøland til NRK i vår.

– Rådmannen kan ikkje sjå at kommunen ved sitt vedtak om å gje oppreising, har erkjent erstatningsansvar, heiter det i saka til formannskapet.

Edvin Bolstad og sønene i Samnanger

I SAMNANGER: Edvin Bolstad og sønene meiner dei ikkje har fått god nok oppreisning etter det barnevernet gjorde mot familien.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Kan enda i søksmål

Det overraskar advokaten at formannskapet avviste førespurnaden.

– Eg er litt overraska over at formannskapet avviser dette, seier advokat Rutledal, og legg til:

– Me vil aller helst unngå eit søksmål for i størst mogleg grad skjerma familien.

Han reagerer også på kommunen si oppfatning om at dei ikkje har erkjent erstatningsansvar.

Oppreisning er ei erstatning som skal kompensera for tort og svie, og er erstatning for ikkje-økonomisk tap, ifølge jusinfo.no

– Kommunen har erkjent erstatningsansvar ved at dei tilkjende mine klientar oppreising, og ikkje minst ligg det ei innrømming i det oppdraget som advokat Elden har hatt for kommunen i ettertid.

Advokat John Christian Elden greidde i to omgangar ut kor vidt kommunen burde gå til søksmål mot den tidlegare barnevernsleiaren. Advokaten konkluderte med at det ikkje var å tilrå.