Hopp til innhold

Familien sin klage fekk støtte: Slår fast at Oda (11) har for farleg skuleveg

I mange år har Oda Bremer Skarpenes (11) og familien kjempa for gratis skuleskyss. No vert ho endeleg høyrd.

Oda Bremer Skarpenes (11)

FARLEG: Trass i lite trafikk, er denne vegen i Sveio karakterisert som særleg farleg skuleveg. Det slår Sivilombodet fast i ein nyleg uttale. No får endeleg Oda Bremer Skarpenes innvilga skuleskyss.

Foto: Olav Røli / NRK

– Når ein veg har lite trafikk tenkjer mange bilistar at dei berre kan gje gass, sidan dei ikkje kjem til å møta trafikk. Det er det som er farleg, seier Synnøve Skarpenes.

Ho er mamma til 6.-klassingen Oda Bremer Skarpenes (11). Dei er busett i Sveio kommune sør i Vestland.

Frå heimen til skulen i tettstaden Førde er det 3,9 kilometer.

Her må Oda gå kvar dag, langs fylkesveg 4944.

Vegen er smal og uoversitktleg og under fire meter brei.

Samstundes er fartsgrensa 80 kilometer i timen.

Oda Bremer Skarpenes

SMAL: Smal, svingete og uoversiktlig. Det er kvardagen på fylkesveg 4944 i Sveio, der Oda Bremer Skarpenes må gå om ho skal komma seg til skulen utan skyss.

Foto: Olav Røli / NRK

– Frustrerande

Fram til og med 4. klasse hadde Oda gratis skuleskyss. Men dette mista ho då starta i 5. klasse.

– Då tenkte eg at eg kunne gå eller sykla. Men det var før eg skjønte at det kunne vera farleg, seier 11-åringen til NRK.

Det var Statsforvaltaren som bestemte at vegen var trygg nok til å gå langs.

I vedtaket heiter det at dei vurderer Fv. 4944 som lite farleg, sidan trafikkmengda er liten. Og at 11 år gamle Oda no er i betre stand til å forstå trafikken.

Sidan då har foreldra kjempa mot både Sveio kommune og Statsforvaltaren i Vestland om rett til gratis skuleskyss.

Synnøve Skarpenes (t.v) og Oda Bremer Skarpenes på FV 4944 i Sveio kommune.

FRUSTRERT: Synnøve Skarpenes har vore frustrert over å kjempa mot både kommune og statsforvaltar. No er ho letta over å verta høyrd.

Foto: Olav Røli / NRK

– Oda er fullt ut i stand til å forstå og skjønna trafikken. Det er ikkje ho eg er redd for. Det er dei bilistane som slett ikkje bryr seg om fartsgrensa eg er redd for, seier mamma Synnøve Skarpenes.

– Det har heilt klart vore frustrerande å føra denne kampen, legg ho til.

Sivilombodet: – For høg terskel

Men før jul tok saka ei ny vending.

Då kom Sivilombodet til ein annan konklusjon enn kommune og Statsforvaltar.

I sin uttale skriv dei følgjande:

«Ombudet er kommet til at Statsforvalteren synes å ha lagt til grunn en for høy terskel ved vurderingen av om skoleveien er «særleg farleg» for eleven.»

Førde skule

SKULEN: Oda Bremer Skarpenes går på skule i Førde i Sveio, om lag 3,9 kilometer frå heimen.

Foto: Olav Røli / NRK

Dei legg mellom anna vekt på:

  • Vegen er under fire meter brei
  • Dårleg og ingen vegskulder
  • Svingar og uoversiktlege parti
  • I sum er dette tilstrekkeleg for å overstiga terskelen for særleg farleg skuleveg

Og saka til Oda og familien er ikkje unik. Fleire har klaga til Sivilombudet om liknande saker.

Smal veg i Sveio. Oda Bremer Skarpenes

LITE TRAFIKK: Trass i at denne vegen i Sveio har liten trafikk, er han særleg farleg, meiner Sivilombodet.

Foto: Olav Røli / NRK

Tek ny vurdering

Dei fire siste åra har Sivilombodet fått til saman 12 klagesaker som gjeld avslag på skuleskyss etter opplæringslova. Førebels er det berre saka i Sveio som har ført til ein uttale frå Sivilombodet.

– Det er veldig sjeldan at me kjem til ein annan konklusjon enn lokale myndigheiter, men i denne saka gjorde me det, seier sivilombod Hanne Harlem.

Seksjonsleiar Mats Petter Sydengen hjå Statsforvaltaren i Vestland seier dei tek uttalen frå Sivilombodet til etterretning.

– Me skal no gå igjennom saka på nytt. Praksisen er at me retter oss etter kva Sivilombodet uttaler, men dette er for tidleg å svara på i denne konkrete saka, seier han.

Hanne Harlem

FOR HØG TERSKEL: Sivilombod Hanne Harlem meiner Statsforvaltaren i Vestland har brukt for høg terskel for kva som er særleg farleg skuleveg.

Foto: Sivilombudsmannen

Meiner regelverket er for uklart

Forslag til ny opplæringslov har nyleg vore ute på høyring, og i sin uttale meiner Sivilombodet at dagens lov er for uklar i kva som er å rekna som særleg farleg skuleveg.

– Me har peikt på at lovgjevar må vera tydlegare på kva som skal vera terskelen for å kalla ein veg for særleg farleg, og kva som er samanlikningsgrunnlaget, seier Harlem.

Foreldre fortviler – barna får opp mot 4 timer lang skolevei

Også Trygg Trafikk meiner dagens regelverk er for uklart.

Reglane og retningslinjene for kva som er ein særleg farleg eller vanskeleg skuleveg er uklare og det fører til ulik praksis kringom i landet, skriv Knut Olav R. Nestås, regionleiar i Trygg Trafikk Vestland i ein e-post til NRK.

Mats Petter Sydengen hjå Statsforvaltaren meiner det er for tidleg å svara på om saka i Sveio får betydning for andre saker om skuleskyss.

– Kva som er akseptabel risiko har jo endra seg. For 50 år sidan brukte ein ikkje setebelte i bil. Og eg ser at Sivilombodet meiner at dette er eit element som me må ta inn i våre vurderingar, seier han.

Journalist

Har du tankar etter å ha lese denne saka, eller ynskjer du å tipsa oss om liknande eller andre saker. Send meg ein e-post.