Hopp til innhold

Nora (10) og familien får 71 millionar kroner i erstatning

Ti år etter at det gjekk gale under fødselen i Bergen har foreldra til Nora Davis fått fastsett erstatninga. – Ein historisk dom, seier advokaten deira til NRK.

Nora Davis (10) saman med mor Siri Davis og far Brian Davis

VANN FRAM: Siri Davis og Brian Davis saman med dottera Nora (10). Dottera fekk ein hjerneskade under fødselen i Bergen i 2012 og no har familien fått tilkjent erstatning i Gulating lagmannsrett.

Foto: Privat

Nær 60 millionar kroner skal utbetalast i sin heilskap innan to veker, og erstatninga skal givast i amerikanske dollar, skriv Bergens Tidende som omtalte dommen frå Gulating lagmannsrett først.

Frå før har familien fått utbetalt 11,5 millionar kroner i erstatning, noko som gjer at totalsummen i utbetalinga frå staten blir på 71 millionar kroner.

– Dommen gir Nora økonomisk moglegheit til å kunne leva eit mest mogleg fullverdig liv saman med sin familie. Nora og foreldra hennar er godt nøgde med dommen, og at dei også er tilkjent fulle sakskostnader for alle rettsinstansar, seier advokat Carl Aarsland Jerstad til NRK.

For over ti år sidan fekk Nora Davis ein alvorleg hjerneskade under fødselen på Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus i Bergen.

For seint utført keisarsnitt førte til surstoffmangel. Hjerneskaden gjer at Nora har fått ein alvorleg type cerebral parese.

Ho kan ikkje gå eller snakke, treng hjelp til alt og vil vera pleietrengande livet ut.

– Nora kan sjå framtida økonomisk lyst i møte og få leva eit rikt liv sjølv med sine omfattande funksjonsnedsettingar, held Jerstad fram om dommen.

Siri Davis og dottera Nora Davis

NØGDE: Siri Davis med dottera Nora. Biletet er tatt i dag.

Foto: Privat

– Historisk dom

Nora-saka har vore fleire rundar i rettsapparatet i Noreg og er omtala som spesiell.

– Dommen frå Gulating lagmannsrett er historisk og skapar ny rett. Den er grensesprengande når det gjeld sjølve erstatningsnivået og legg til grunn at skadelidne har krav på full erstatning ut frå dei faktiske forholda som gjeld i det landet ho bur i, seier advokat Jerstad.

UiB-professor Magne Strandberg har sagt til BT at den vil skaffe domstolane i Noreg mange vanskelege erstatningssaker framover.

Davis og familien er busett i Houston i USA. Tiåringen har norsk mor og amerikansk far.

I det første vedtaket i Nora-saka vart foreldra tilkjent ei erstatning på litt over ti millionar kroner, ifølge BA.

Familien har kravd at ho må få erstatning av staten som er stor nok til å dekke utgiftene med livslang pleie i USA.

Paret har tidlegare tapt i både tingretten og lagmannsretten.

Gulating Lagmannsrett i Bergen

Gulating lagmannsrett i Bergen.

Foto: SIMON S. BRANDSETH / NRK

Eingongsutbetaling

Familien vant til slutt fram i Høgsterett i fjor sommar og den nye rettsrunden i lagmannsretten i desember handla om storleiken på erstatninga.

Rettssaka kretsa difor kring spørsmål om kor lenge Nora Davis kjem til å leve, kor lenge ho skal bu heime, kva type institusjon ho etter kvart må flyttast til og kva butilbod ho skal få og kva eit slikt opphald vil koste.

Familien bad om eingongsutbetaling og har fått medhald i dette. I tillegg må staten ved Pasientskadenemnda ut med 3,8 millionar kroner i sakskostnader, heiter det i dommen frå lagmannsretten.

Staten har moglegheit til å anka dommen til ein ny runde i Høgsterett.

– Familien håpar saka no er kommen til endes. Det er vanskeleg å sjå noko grunnlag i dommen for staten til å forsøke å anke den til Høgsterett, seier Jerstad.

Nasjonalt klageorgan for helsetenesta, som har representert staten i rettssaka, seier til BA at dei ikkje vil kommentera dommen enno.

– Vi har akkurat motteke den og vil bruke ankefristen til å gå grundig gjennom den.

NRK rettar: I den første versjonen av denne saka skreiv vi at familien får nesten 60 millionar kroner i erstatning for fødselsskaden til Nora Davis. Men i erstatningsutmålinga frå lagmannsretten blir det tatt høgde for at familien frå før har fått 11,5 millionar kroner i erstatning. Riktig erstatning blir difor 71 millionar kroner. Saka vart oppdatert 2.januar 2023, klokka 18.11.