Hopp til innhold

Familie råka av brann for tredje gong

Politiet har arrestert ein mann for eldspåsetjing på Djønno i Hardanger i natt. Det har vore fleire brannar i same område dei siste månadane. Politiet stadfestar at dei ser ein samanheng mellom desse og brannen i natt.

brann djønno

4. JUNI: Politiet ser ei samanheng mellom brannen i natt og brannane i same område 4. juni og 17 oktober. Eigaren av fjøset som blei tent på i natt er i familie med dei som blei råka av brannar tidlegare i år.

Foto: Egil Torheim / NRK

Ein mann er pågripen mistenkt for å ha tent på ein fjøs i Djønno i Hardanger i natt. Politiet meiner denne brannen kan ha ein samanheng med brannane i same område tidlegare i haust.

BAKGRUNN: – Må finne ut hvem som vil oss til livs

Brannen på Djønno

4. JULI: Her brenn ein einebustad og tre naust ned på Djønno i Hardanger, 4. juni. Einebustaden som blei reist på staden etter brannen blei tent på 17. oktober.

Foto: 03030-tipser

– Den arresterte mannen er tidlegare avhøyrt som vitne i brannane 4. juni og 17. oktober. Han har vore på lista vår over personar me ønskjer å snakke meir med, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand.

Brannen i fjøset i natt blei raskt sløkt av eigar av fjøset og familien hans. Det skal ikkje vere skade på bygning, dyr eller personar.

Tredje brann i same område

Bjørn Inge Aarsand

ARRESTERTE EIN MANN I NATT: – Det kan sjå ut som at me står framfor eit gjennombrot i etterforskinga av brannane og den situasjonen som har råa på Djønno i ein periode, seier etterforskingsleiar Bjørn Inge Aarsand.

Foto: Egil Torheim / NRK

4. juni i år brann fire bygg ned på Djønno i Hardanger. Då brannvesenet kom fram stod tre naust og ein einebustad i full fyr. 17. oktober byrja det brenne på same tomta i nybygget som var i ferd med å reisast etter at det førre brann ned.

I natt byrja det brenne på ny i same område. Like før klokka fire fekk politiet melding om at ein brannalarm var utløyst i ein fjøs på Djønno. Dei rykka ut saman med brannvesenet frå Odda, Voss og Bergen.

– Brannen blei raskt sløkt av dei som eig fjøsen. Familien som bur på garden observerte ein mann på området, og me har no valt å arrestert denne mannen, seier Aarsand.

Eigaren av garden er same person som vart råka av brannene 4. juni og 17. oktober.

Aarsand stadfestar at politiet ser ein samanheng mellom brannen i natt og desse brannane.

– Nærmar oss eit gjennombrot

Brann på Djønno

4. JUNI: Politiet ser ei samanheng mellom brannen i natt og brannane i same område 4. juni og 17 oktober.

Foto: 03030-tipser

Mannen som er pågripen og mistenkt for eldspåsetjinga i natt har forklart seg, men Aarsand ønskjer ikkje å kommentere kva som har komme fram i avhøyra på dette tidspunktet.

– Kva kan du seie om motivet for eldspåsetjinga i natt?

– Det kan eg ikkje kommentere no.

LES OGSÅ: – Eg tenkjer på kor mykje arbeid gutane mine har lagt i huset

Politiet etterforskar saka vidare ut over dagen.

– Me vil halde fram med åstadsgransking. Krimteknikarar er på veg dit no, og utover formiddagen vil me setje den arresterte i avhøyr for å få avklart kva rolle han har hatt i brannen i natt.

– Det kan sjå ut som at me står framfor eit gjennombrot i etterforskinga av brannane og den situasjonen som har rådd på Djønno i ein periode. Det er veldig godt for folka der ute, seier Aarsand.

Djønno