Hopp til innhold

Familie på sju mista alt i brann

FLORØ (NRK): Zabayo Karuhije og Harera Kamara er rørt av støtta dei får etter at dei mista alt dei eigde i den dramatiske bustadbrannen natt til laurdag. Men viktigast av alt: dei berga seg sjølve og borna.

Zabayo karuhije (mor)

PREGA AV SITUASJONEN: Zabayo Karuhije fortel om dramatiske minuttar då bustaden deira sto i full brann natt til laurdag. – Me gjekk for å sove om natta, då naboen banka på døra og sa at me måtte kome oss ut fordi det brann.

Foto: Seline Larsen / NRK

– Det var berre å springe ut. Vi var veldig redde, men måtte berre få borna ut først av alt, seier Zabayo Karuhije.

Brannen i Florø fredag kveld kunne enda i tragedie. Til alt hell gjekk det bra med alle dei ni personane som budde i tomannsbustaden.

Familien på sju har budd i Noreg i fem år, og mista natt til laurdag alt av eigendelar i flammane. Mengder med klede og mat vitnar om eit lokalsamfunn som slår ring rundt dei.

– Det er snilt gjort med oss, fortel fembarnsmora.

Zephania (7) vart evakuert under brannen i Florø. Til venstre i sofaen sit bror Amos (9).

Zephania (7) vart evakuert under brannen i Florø. Til venstre i sofaen sit bror Amos (9).

Foto: Ola Weel Skram / NRK

– Vi er mange som bryr oss

Christina Johannessen ei av dei som har vore nærast på familien frå Kongo etter hendinga.

– Familien er naturlegvis prega av hendinga. Eg håpar dei oppe i det heile finn tryggleik i at vi er mange som står på og bryr oss om dei.

Ho fortel at både kommune og privatpersonar er i sving for å hjelpe familien.

– Når slike ting skjer med folk vi er glade i, så gjer vi alt vi kan for å hjelpe til.

Christina Johannessen gav den brannråka småbarnsfamilien husrom

TETT PÅ: Christina Johannessen gav den brannråka småbarnsfamilien husrom.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Ein mellombels heim

I tillegg til donasjonar frå vener og kjente har kommunen gjort innkjøp av mat og klede til den brannråka familien. Ein mellombels bustad er gjort klar.

– Det vil nok gjere godt å kome på plass der, men det er sjølvsagt trist at dei har mista huset sitt og alle minna frå det, seier Johannessen

Rosar brannmannskapet

Ordførar Ola Teigen rosar brannmannskapet som hindra spreiing av brannen i det tettbygde bustadfeltet.

– Eg vil verkeleg rose brannmannskapet si handtering av situasjonen. Dei har sjølve samanlikna det med storbrannen i Lærdal.

Kinn-ordførar Ola Teigen

ROSAR BRANNMANNSKAPET: Kinn-ordførar Ola Teigen rosar brannmannskapet for innsatsen under den dramatiske bustadbrannen. – Dette kunne gått langt verre.

Foto: Ola Weel Skram / NRK

Teigen fortel at han tenkjer på familiane som er råka.

– Det er klart det er ein enorm tragedie for dei som opplever at huset brenn og blir ståande tomhendte tilbake. Då er det godt at vi har eit apparat som er klar for å stille opp for å ta vare på både det menneskelege, men også det materielle i situasjonen.

Ikkje som før

Attende hjå storfamilien vitnar både donasjonar og oppmøtet av vener om at dei ikkje står aleine. Alt kan likevel ikkje erstattast.

– Eg saknar det gamle huset. Kjempemykje, avsluttar Tito.

Amos (9) og Tito (12) er glade for å vere i trygge omgjevnader etter dramatikken natt til laurdag.

MISTA ALT DEI EIGDE: Amos (9) og Tito (12) er glade for å vere i trygge omgjevnader etter dramatikken natt til laurdag.

Foto: Seline Larsen / NRK