Hopp til innhold

Familie fekk hundrevis av flått på éin tur

Familien på Stord fekk flått-sjokk på telttur. – Me hadde minst 15–20 bit kvar i snitt, seier Jens Tore Engevik. Vestlandet ser ut til å vera hardast ramma av alle landsdelane.

Familien Engevik på telttur på Stord

UBEDNE GJESTER: Denne teltturen til familien Engevik enda med svært mange flåttbit.

Foto: Privat

Ein fersk studie tyder på at Vestlandet er den delen av Noreg med mest flått. Dette vesle krypet som i sjeldne tilfelle kan gjera menneske alvorleg sjuke.

Avisa Sunnhordland fortel om ein familie på telttur som verkeleg hamna i eit «flåtthelvete».

– I den første pausen ved ein bekk kom første varsel. Allereie då plukka me 10–15 flått.

Det fortel Jens Tore Engevik etter at familien på seks var på tur til Mehammersåto, det høgaste fjellet på Stord.

Tarald Engevik

EI HANDFULL FLÅTT: Tarald Engevik oppdaga mange titals flått-nymfer på hendene sine då han overnatta i hengekøya.

Foto: Privat

– Litt ekkelt

Det skulle bli mykje verre i løpet av overnattingsturen.

– Medrekna dei som ikkje rakk å bita seg fast, som me kosta av oss, vart det mange hundre, seier Engevik til NRK.

Sonen Tarald låg i hengekøye og tok bilde som dokumenterer omfanget.

– På fingrane hadde han 30–40 bitte små flått-nymfer. Han hadde nok tilfeldigvis kome borti eit bol. Litt ekkelt, fortel faren.

Flått-nymfer på handa

FLÅTT: Handa var full av 30-40 ørsmå, nesten usynlege nymfer av flått.

Foto: Privat (Jens Tore Engevik)

Mest i vest

Mange trur flått er eit austlandsfenomen, men veterinær og flåttekspert Solveig Jore ved Folkehelseinstituttet seier Vestlandet har mest.

– Der veit me det er gode bestandar av flått. Ei undersøking me publiserte i mai viser at dei spurde på Vestlandet hadde fått flest flåttbit. Nokre respondentar sa dei hadde over 50 bit i løpet av sesongen.

Figur over antal flåttbitt pr. respondent. Største røde sirkel = over 10 bitt pr år. Fra studien publisert denne uka https://www.tandfonline.com/doi/full/10.1080/20008686.2020.1764693.

FLEST BIT: Ei fersk studie viser at Vestlandet har flest tilfelle der folk får mange flåttbit. (Stor raud ring er personar med over 10 bit per sesong. Liten grøn ring er personar utan flåttbit.)

Foto: Grafikk fra Solveig Jore, FHI

For familien Engevik på Stord er ikkje det talet så imponerande, samanlikna med bita dei fekk på berre éin tur.

– Me hadde minst 15–20 bit kvar i snitt. Flåtten har noko jækelskap som klør, seier Engevik.

Fukt og hjort

Ifølgje flåtteksperten er det vestlandske klimaet med mykje fukt og varme hovudårsaka til at flåtten trivst best langs Vestlandet.

– Pluss at det er mykje hjort. Det gir god tilgang på vertsdyr som flåtten treng for å utvikla seg, seier Jore.

Ho seier det er vanskeleg å vita om det er spesielt mykje flått i år, for det finst ikkje god statistikk frå før.

Flått suger blod

UØNSKT: Flåtten syg blod og kan i sjeldne tilfelle overføra smitte som kan gi alvorleg nervesjukdom.

Foto: Rune Aae

Vart sjuk og slapp

Skrekken for mange er at flåtten skal føre med seg bakterien borrelia.

Om lag to prosent av alle flåttbit kan gi sjukdommen borreliose, med alvorleg skade på nervesystemet.

– Det har over tid vore ein auke i sjukdomstilfelle. Førekomsten har stabilisert seg dei siste åra og ligg no på rundt 400 per år, seier Jore.

Jens Tore Engevik går mykje i skog og fjell, og meiner flåttmengdene har auka kraftig dei siste åra.

Han har sjølv opplevd å bli smitta.

– Eg var skikkeleg trøytt i lang tid. Først i februar var eg heldig å bli kvitt det. No er eg opp å gå igjen.

Og trass i dette tar han familien med på nye turar i skog og mark.

– Eg vil ikkje la vera. Me er for glade i skog og fjell.

Jens Tore Engevik

VART SMITTA: Jens Tore Engevik var slapp og sjuk av borrelia i eit halvår for to år sidan, men han og familien går framleis mykje i skog og fjell.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Kjekk sjekk

Engevik kjem med to enkle råd:

– Gå med tights, eller sokkar utanpå buksebeina nede, ikkje bar hud. Lause bukser er ikkje vits i, då kryp flåtten under. Og så gjeld det å kosta han vekk etter kvart når du kjenner han krypa.

Og ifølge han kan flåttkontrollen etter turen gi ei eiga glede.

– Det er ei god anledning til at mann og kone eller sambuar kan sjå kvarandre nakne etter at dei har dusja og vaska flåtten av seg. Sjå over kroppen, både på det eine og det andre, så blir det bra, det der.