Familie fekk historisk postveg tvers gjennom vaskerommet

Huseby-familien vart overraska då dei ville gjere endringar på garden. 200 år etter han vart bygd skapar Den Trondhjemske postvei konfliktar langs heile traseen.

Den trondhjemske postvei, Åsane

KULTURMINNE: For 150 år sidan gjekk posten med hest og kjerre langs denne vegen. Her frå Åsane i Bergen.

Foto: B Ystebo / Flickr

– Vi har alltid visst at dette var ein postveg, men ikkje at det var del av Den Trondhjemske postvei, seier Ove Myrmel, som er grunneigar i Sunnfjord.

Tidlegare i haust fekk han eit brev frå kommunen.

Dei hadde fått nyss i at han hadde brukt tunge skogsmaskiner på vegen, og at han hadde lagt ned dreneringsrøyr i plast.

At det skjedde på hans eigen eigedom hjelpte ikkje. Dette braut med vernereglane for postvegen, forklarte kommunen, og inviterte seg sjølve på synfaring.

Den Trondhjemske postvei vart vedteken bygt i 1785 for å sikre den «Sikreste og Bekvemmeste Post Tour» mellom Bergen og Trondheim.

Dreneringsrøyr på Den Trondhjemske postvei

ULOVLEG: Tre slike plastrøyr er lagde ned i postvegen. Det likte Sunnfjord kommune dårleg.

Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

NRK har tidlegare fortalt at Røde Kors måtte hyre helikopter i staden for å køyre 300 meter på vegen.

Ove Myrmel og Røde Kors er ikkje dei einaste som har krangla med styresmaktene om kor «heilag» postvegen skal vere.

– Postvegen går gjennom vaskerommet

I Skaun kommune sør for Trondheim har familien Huseby drive gard i generasjonar. Med åra fekk Lars Erik og Ragnhild lyst til å gjere nokre endringar på eigedommen.

Men det var lettare sagt enn gjort. I 2018 hadde nemleg Vegvesenet meldt til Riksantikvaren at traseen til postvegen gjekk tvers over gardstunet deira.

Men heilt utan at nokon i familien hadde fått beskjed.

– Vi vart fyrst klare over det då vi søkte om riving og bygging av nytt hus, fortel Lars Erik Huseby.

Dette vitnar om at de ikkje er kjende med korleis det ser ut på eigedomen. Postvegen er på kartet teikna inn gjennom vaskerom i våningshus som blei bygga på i 2010.

Lars Erik og Ragnhild Huseby / Brev til Trøndelag fylkeskommune

Før Lars Erik overtok, var det Erik Huseby som dreiv garden. Han uttaler seg mindre diplomatisk enn sonen:

– Enkelt sagt så var det berre tøv heile greia. Garden ligg på leirgrunn, og gjennom åra har vegen vorte flytta mykje på allereie.

Visa enda likevel på lukkeleg vis for husbyggarane. Dei fekk bygge huset etter at styresmaktene vart gjort merksame på den no usynlege vegen. I dag bur dei i det nye våningshuset på garden.

Ruta for Den Trondhjemske postvei gjennom Huseby søndre i Skaun kommune.

HINDRING: Traseen for postvegen er oppført gjennom vaskerommet til familien Huseby.

Foto: Skjermdump / Riksantikvaren

Ynskjer balanse mellom vern og bruk

– Å kombinere aktiv jordbruksdrift med vern kan vere utfordrande, seier Sigrun Pettersborg i Norges Bondelag.

I 2010 eigde landbruksnæringa tre firedelar av arealet i Noreg, og kjem ofte opp i konfliktar der utvikling- og verneinteresser står mot kvarandre.

Postvegen Grungen-Førde i Jølster

NASJONALSKATT: Her har posten kome til Grungen i Jølster.

Foto: K. Knudsen © Knudsensamlingen, UBB

I mai sa Vestland fylkeskommune nei til eit bustadområde i Gloppen «på bakgrunn av den markante kulturhistorisk verdi som dette området inneheld».

– Kor mange kokegroper er det viktig at vi bevarer, kvitterte ein oppgitt ordførar.

Pettersbog seier til NRK at grunneigarane ofte kjem for seint inn i verneprosessane.

– Vi er opptatte av involvering, og at det er god dialog mellom forvaltninga og bønder i samband med til dømes restaureringsprosjekt, seier ho.

Arkeolog Marit Anita Skrede i Statens vegvesen forklarar den strenge praksisen med at postvegen har stor nasjonal verdi.

– Rekonstruksjonar er ikkje det same som eit opphavleg kulturminne. Dei vil ikkje ha same verdi som intakte delar av postvegen, seier ho.

Ho utelukkar ikkje at mange kan vere ukjende med kulturminne på grunnen deira, men minner om at det er grunneigarar sitt ansvar å undersøke dette før utbetringar og endringar.

– Mange er uvitande

På vegen til Ove Myrmel er dei 150 metrane med veg sette i stand att. Det har grodd nytt gras sidan skogsmaskinene gjorde skade.

Den Trondhjemske postvei på Myrmel i Sunnfjord
Foto: Bjørne Østrem Djukastein / NRK

– Eg har snakka med grunneigarar frå Sunnfjord til Nordfjord. Seks-sju av dei var heller ikkje klar over Den Trondhjemske postveg går over eigedomane. Staten må jo orientere oss om slikt, seier han.

Saka på eigedomen hans er enno ikkje løyst etter synfaringa. Sunnfjord kommune opplyser til NRK at dei er opptekne av å kome fram til ei minneleg løysing.

– Kulturminne må sjølvsagt takast vare på, men då må vi i det minste vite om dei, meiner Myrmel.