Hopp til innhold

Fallulykke i Øygarden

Det vart sett i gong ein stor redningsaksjon ved Glamshaugen i Øygarden natt til laurdag etter at ein mann i 50-åra fall i terrenget. Redningsaksjonen vart sett i verk klokka 0320 og mannen vart henta av helikopter. Han var vaken og medviten, elles er det ukjend skadeomfang, ifølge politiet. Mannen får no behandling hos Haukeland universitetssjukehus.