Hopp til innhold

Fallskjermen vart til brurekjole

FØRDE (NRK): Hugsar du historia om jagarflygar Gordon Watt som berga livet ved å hoppe ut i fallskjerm utanfor Florø i 1945? Her ser du kva fallskjermen vart brukt til.

Stoffet i fallskjermen som berga ein britisk flygar vart i 1946 brukt som brurekjole.

NESTEN LIKE FIN: Den 70 år gamle brurekjolen som mor til Bjarne Berntsen gifta seg i. Foto/redigering: Marte Iren Trøen.

Det var den 7. april 1945, altså vel ein månad før freden, at allierte fly var i luftkampar over ytre Sogn. Det tyske skipet «Oldenburg» vart bomba i Vadheim, og bombeflya hadde assistanse frå jagarfly.

Ein av jagarpilotane var Gordon Watt. Han kom i kamp med tyske fly over Hyllestad, vart treft, men greidde å kome seg unna med brann i flyet. Utanfor Nærøyna i Flora hoppa han ut i fallskjerm, vart berga og sat i tysk fangenskap den siste krigsmånaden.

Gordon Watt med Mustang-fly

BERGA SEG: Jagarflygar Gordon Watt framfor flyet som styrta utanfor Nærøyna.

Foto: privat, utlånt av Caroline Rundle

Då Bjarne Berntsen, busett i Førde, las historia om Watt på nettsida til NRK Sogn og Fjordane, forstod han at stoffet i fallskjermen som berga briten var brukt av mora hans, Alvhild.

– Ho budde på Nærøyna den gongen, ho såg flyet styrta og piloten som kom dalande i fallskjerm. Ho var med ut i ein båt som plukka opp både piloten og fallskjermen.

Gøymde fallskjermen for tyskarane

Gordon Watt vart frakta i ein annan båt inn til Årebrot og vart etter eige ynskje overgitt til tyskarane. Men fallskjermen vart verande i deira båt.

– Mor har fortalt at dei vart borda av ein tysk vaktbåt. Dei hadde gøymt fallskjermen under nokre fiskekassar. Det stakk ut ein flik, så dei måtte stå på den for at tyskarane ikkje skulle sjå han.

Under krigen var det smått med ressursar, så det tynne og fine stoffet i fallskjermen var ein liten skatt. Berntsen fortel at det vart to brurekjolar av stoffet, men han veit ikkje kven som gifta seg i den andre kjolen.

Brurebilete Alvhild og Lars Berntsen

I FALLSKJERMSTOFF: Alvhild og Lars Berntsen gifta seg jonsokafta 1946.

Foto: M. N. Horne

Gifta seg i heimbygda

Vel eitt år etter den dramatiske hendinga kunne Alvhild ta på seg fallskjermkjolen.

– Ho gifta seg på jonsokaftan 1946 med far min, Lars Berntsen. Det skjedde i Holmedal, som var heimbygda hennar, fortel Bjarne.

Alvhild Berntsen døydde i 1989. Dei siste åra har kjolen vore i eiga til broren til Bjarne. Han bur i Stokke i Vestfold. Bjarne fekk broren til å sende kjolen i posten.

– Eg stussa då eg fekk ein A3-konvolutt. Kjolen tek så liten plass og er så lett at det ikkje skulle større emballasje til. Kjenn på dette stoffet, kor fint det er.

Krista Lien Indrehus og Bjarne Berntsen

KJOLEN PÅ MODELL: Bjarne Berntsen syntes det var flott å sjå brurekjolen til mora på Krista Lien Indrehus.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ser ein bort frå eit par flekkar og at det manglar ein knapp, og at sløret ikkje finst lenger, er kjolen like fin som i 1946. Men det er ingen som har brukt han sidan.

Bjarne Berntsen synest det er fascinerande at mor hans gifte seg i ein kjole sydd av stoffet som berga livet til Gordon Watt, og at det lever etterkomarar etter han i Australia. Watt sjølv er død, men dottera hans, Caroline Rundle, var i Norge i 2013. Då var det ikkje kjent kvar han hadde hoppa ut.

Krista Lien Indrehus i brurekjole av fallskjermsilke

FLORLETT: Krista Lien Indrehus med kjolen som ikkje har vore brukt på 70 år.