– Konsekvensane blir at kundane må betale meir for varene. Det seier Oddbjørg Bø Muri i Skogstad.
Kleprodusenten frå Innvik kjøper inn i dollar, men set norske kroner på prislappen. Kva som endar opp på prislappen neste år er høgst usikkert.
Fall i kronekurs
– Vi prøvar stelle oss til dei som jobbar med valuta, men elles får ein tvitydige svar. Så det er ingen som veit. Det er veldig stor uvisse. Vi er i alle fall avventande, seier Muri.
- Les også:
I juli måtte kosta 1 dollar 5,99 kroner. I går var prisen 7,49. Godt nytt for eksportørar – av laks til dømes. Men Øyvind Kråkås i Salmon Group, eit nettverk av oppdrettsselskap, slepp likevel ikkje jubelen laus.
– Stabilitet er alltid eit nøkkelord når snakkar om handel.
Og no er økonomien alt anna enn stabil. Kråkås ser til Russland og rubelen som nær kollapsa tidlegare i veka.
Dyrt å reise ut
– Dei som no har selt laks til Russland, Færøyane og Chile vil merke at marknaden tørkar ut. Då vil vi igjen møte desse leverandørane i dei marknadane som vi no har bygt oss opp. Dermed blir det ein tøffare konkurranse.
- Les også:
Turistnæringa har no auka marknadsføringa for å få mest mogleg ut av kronefallet, seier leiar av reisemål Stryn og Nordfjord Marita Lindvik. Ho merkar auka pågang frå turoperatørane.
– Det blir billigare for utlendingane å feriere i Norge. Samstundes blir det dyrare for nordmenn å reise ut, så det vil gje ein dobbelt positiv effekt for reiselivet.